Debi Doss

amerikansk songar og fotograf

Debi Doss er ein amerikanske-fødd fotograf og songar.

Debi Doss
OpphavUSA
Instrumentvokal
Verka somfotograf, songar

Ho var korvokalist for The Kinks i tre år i 1970-åra og song solovokal på «Video Killed the Radio Star», som vart ein stor hit. Doss var på turné med Hot Chocolate då songen gjekk til topps.[1]

Debi vart med i jentebandet Love Force. I 1980-åra samarbeidde Doss mykje med låtskrivarane og produsentane Charlie Skarbek og Tim Smit. Som ei gruppe signerte trioen for CBS og gav ut singlar som The Rhythm Slaves, «Electricity» i 1981 og Dream Regime.

Gjennom 1980- og 1990-åra fortsette Doss som studiomusikar for artistar som Chris De Burgh, Cilla Black, Twiggy, Samantha Fox, Mike Oldfield og Bill Wyman.

Kjelder endre

  1. «Debi Doss profile». Arkivert frå originalen 28. juni 2007. Henta 26. mars 2007. «Debi was on tour with Hot Chocolate in 1979 when the song went to No. 1 and Errol Brown gave Debi a bottle of champagne and the day off to whiz to London to perform on Top of the Pops with The Buggles.»