Debo-sjøen (Lac Débo på fransk) er ein innsjø i Maasina i Mali. Han blir danna når elva Niger fløymer over breiddene sine mellom april og august, og er sterkt redusert frå september til mars.

Hus på ei øy i Debo-sjøen.
Satellittbilete av Debo-sjøen.

Storleik endre

Når Debo-sjøen er på det største, ligg han kring 80 km frå Mopti oppover Niger og 240 km frå Timbuktu nedover Niger. Det er den største innsjøen i Mali.

Bruk endre

Innsjøen er størst i regntida, når elvane Bani og Niger har størst vassføring. Då driv fiskarar frå bozo-folket, som bur ved breidda av sjøen, eit intensivt fiske. I tørketida, medan sjøen er minst, lèt fulaniane krøterflokkane sine beite på dei store grasslettene som då er frie for vatn.

Økologi endre

Sjøen er ein viktig kvilestad for trekkfulglar, og UNESCO har klassifisert han som ein RAMSAR-sone (The Convention on Wetlands of International Importance, especially as Waterfowl Habitat, zone humide reconnue d’un intérêt international pour la migration des oiseaux d’eau).