Debrecen (uttalt Debretsen) (rumensk Debreţin, tysk Debreczin, kroatisk Debr(e)cin) er den nest største byen i Ungarn, og hovudstad i fylket Hajdú-Bihar, som ligg aust i landet. Byen hadde 205 000 innbyggjarar i 2005, så det vantar framleis ein del før dei tek att hovudstaden Budapest med sine 1,7 millionar.

Debrecen
Plassering
Debrecen is located in Ungarn
Styresmakter
Land
Region

Megye
Ungarn Ungarn
Den nordlege store sletta
Hajdú-Bihar
Først nemnd i 1235
Geografi
Flatevidd
 - By

461,25 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

204 297
  442,5/km²
Koordinatar 47°31′47″N 21°38′21″E / 47.52972°N 21.63917°E / 47.52972; 21.63917
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 4000
Telefon-retningsnummer 52
Heimeside: www.debrecen.hu

Om byen endre

Byen ligg 220 kilometer aust for Budapest, ikkje langt frå nasjonalparken Hortobágy, der ein mellom anna kan sjå ein ekte ungarsk puszta. Faktisk ligg sjølve byen òg midt på Den store ungarske sletta, og på folkemunne vert det sagt om Debrecen, «kven i sitt rette skinn ville finne på å byggje ein by midt på ei slette, utan korkje fjell, skog eller vatn?» Likevel, byen har vakse og vakse, og var i si tid den siste store handelsbyen før ein nådde dei transylvanske fjella.

Skrivemåte endre

 
Universitetet i Debrecen.

Ettersom Hajdú-Bihar lenge har vore eit ettertrakta landområde har bynamnet fleire skrivemåtar på andre språk. Mellom anna blir han kalla han Debreţin på rumensk, Debrecín på slovakisk og Debreczyni på polsk. I eldre ungarske dokument går byen gjerne under namnet Debreczen.

Historie endre

Før magyarane slo seg ned i det som i dag er Ungarn, heldt fleire ulike stammer til i området. Byen oppstod då fleire smålandsbyar i området vart slegne saman, og vart først nemnd som Debrezun i 1235. Namnet kjem kanskje frå det slaviske dobre zliem («god jord»). Andre teoriar er at namnet har tyrkisk opphav.

I 1361 gav kong Ludvig den store innbyggjarane i Debrecen rettar til å velje seg ein bydomar og byråd. Dette opna nye sjansar for byen. Tidleg på 1500-talet hadde Debrecen vorte ein viktig handelsby. Mellom 1450 og 1507 høyrde byen til Hunyadi-familien.

Under den osmanske perioden låg byen nær grensa til riket og hadde inga borg eller bymurar. Debrecen kom difor ofte i vanskelege situasjonar og byen vart berre redda av dei diplomatiske evnene til leiarane her. Stundom vart byen verna av Det osmanske riket, stundom av dei katolske europeiske leiarane eller av Frans II Rákóczi, prins av Transylvania. Dette førte til at innbyggjarane vart fordomsfrie og tok imot reformasjonen ganske tidleg. I denne perioden var byen hovudsakleg ungarske kalvinistar. Debrecen var ein sanjak i Det osmanske riket mellom 1541 og 1693.

I 1693 gav Leopold I av Det tysk-romerske riket Debrecen status som fri keisarby. I 1715 kom den romersk-katolske kyrkja tilbake til Debrecen, og byen gav dei plass til å byggje ei kyrkje slik at piaristmunkar kunne byggje St. Anna-katedralen. På denne tida var byen eit viktig kultur-, handels- og jordbrukssenter, og mange framtidige lærde og diktarar gjekk på det protestantiske gymnaset, ein føregangar til Universitet i Debrecen.

I 1849 var Debrecen ei kort stund hovudstad i Ungarn, då den ungarske revolusjonsregjeringa flykta til byen frå Pest-Buda (i dag Budapest.) I april 1849 vart avtroninga av Habsburgarane og sjølvstendet til Ungarn utropt her av Lajos Kossuth ved Den store (kalvinist-) kyrkja (Nagytemplom på ungarsk). Debrecen såg òg slutten på sjølvstendekrigen, då slaget der russarane, allierte av Habsburgarane, slo den ungarske hæren like vest for byen.

 
Sentrum med «Det uferdige tårnet»

Etter krigen byrja Debrecen sakte å bløme igjen. I 1857 stod jarnbanelina mellom Budapest og Debrecen ferdig, og Debrecen vart snøgt eit jarnbaneknutepunkt. Nye skular, sjukehus, kyrkjer, fabrikkar og møller vart bygde, og bank- og forsikringsselskap slo seg ned i byen. Utsjånaden til byen betra seg òg med nye, høgare bygningar, parkar og vakre villaer, slik at han ikkje lenger såg ut som ein utkantby, men som ein moderne by. I 1884 vart Debrecen den første ungarske byen som fekk ein dampsporveg.

Etter den første verdskrigen miste Ungarn store delar av dei austlege områda sine til Romania og Debrecen vart igjen ein by nær grensa til landet sitt. Han vart kontrollert ei kort stund av den rumenske hæren i 1919. Turisme førte til at byen igjen blømde. Mange bygningar (mellom anna ein symjehall og den første stadionet i Ungarn) vart bygde i den sentrale parken, Nagyerdő («Stor skog») og gav rekreasjonsfasilitetar. Universitetet vart bygd ferdig. Hortobágy, eit stort beite ått av byen, vart ein turistattraksjon.

 
Det kjende hotellet Aranybika (Den gylne oksen)

Under den andre verdskrigen vart Debrecen nesten heilt lagt i grus. 70 % av bygningane vart øydelagde, 50 % totalt. Eit stort slag, slaget ved Debrecen, fann stad nær byen i oktober 1944. Etter 1944 byrja gjenoppbygginga og Debrecen vart igjen hovudstad i Ungarn ei kort stund. Innbyggjarane byrja å byggje opp att byen og prøvde å gjenskape han slik han hadde vore før krigen, men den nye kommunistiske regjeringa i Ungarn hadde andre planar. Institusjonar og eigedomar vart offentleg eigedom og dette førte til endringar i det gamle systemet, slik at halvparten av områda i Debrecen vart ein del av nærliggande byar. Byen miste òg rettane over Hortobágy. I 1952 vart to nye landsbyar – Ebes og Nagyhegyes – danna av tidlegare område i Debrecen, medan den nærliggande landsbyen Józsa i 1981 vart ein del av byen. Nybygde bustadblokker gav husrom til dei som miste heimane sine under krigen. Dei neste tiåra var Debrecen den tredje største byen i Ungarn (etter Budapest og Miskolc), og vart den nest største i 1990-åra då folketalet i Miskolc minka.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre