Deformasjon eller deformering er endring i form skapt av ei tilført kraft. Deformasjon kan vere elastisk eller plastisk, eller ein kombinasjon av begge. Ein tilstrekkeleg stor deformasjon fører til brot. For sprø material (t.d. glas) vil dette skje nokså momentant. Ofte vil ein deformasjon vere ein kombinasjon, men slik at den eine typen er så dominerande at ein berre reknar med den dominerande typen.

Elastisk deformasjon endre

Elastisk deformasjon er ein type deformasjon eit material utsetjast for utan å få varig endring av form. Etter at belastninga er fjerna, vil den elastiske deformasjonen reverserast og materialet gå tilbake til den opphavlege forma si (ved rein elastisk deformasjon). Dette er i motsetnad til plastisk deformasjon der materialet får ei varig fasongendring. Mengda elastisk deformasjon som eit material kan utsetjast for, er definert av elastisitetsmodulen. Sjå òg Hookes lov. Når du strekkjer ein strikk, forandrar den forma så lenge du held han i strekk. Slepp du strikken, går han tilbake til den opphavlege forma si. Dette er då ein elastisk deformasjon.

Plastisk deformasjon endre

Plastisk deformasjon skjer når eit material strekkjast over flytegrensa (seige materialar). Spenningane blir så store at det oppstår glidingar mellom atomplana slik at deformasjonen blir varig (plastisk). Sjølv om materialen er endra så heng det enno saman på molekylærnivå. Når ein klemmer på leire, forandrar den forma permanent. Det er ein plastisk deformasjon.

Brot endre

Når eit material belastast over brotgrensa blir spenningane mellom molekyla brote og dei blir dermed varig fråskilde. Vi får eit skilje mellom tidlegare samanhengande flater. Eit brot treng ikkje å tyde at flatene er synleg fråskild, men kan òg observerast som mikroskopiske sprekkdanningar eller riss.

Utmatting endre

Ein lekam blir utsett for gjentekne (vekslande) laster, som kvar for seg ikkje fører til varig deformasjon. Etter ei mengd lastvekslingar over tid blir det brått ein varig deformasjon. Fenomenet blir kalla utmatting.

Relativ deformasjon vert kalla tøying.

Kjelder endre