Dei austindiske øyane

Austindia, Ostindia eller Dei austindiske øyane er namn som er blitt nytta om Den indiske halvøya, Søraust-Asia, Indonesia og øyane omkring. Omgrepet er lite brukt i dag.[1]

██ Ostindia ██ Det indiske subkontinentet/Stor-India ██ Vestlege Ny-Guinea

Nemningar som Aust- eller Ostindia blei brukt i Vesten opphavleg om dei to halvøyane «Forindia» (den indiske halvøya) og «Bakindia» (Indokina) i tillegg til dei austindiske øyane - øygruppene i Søraust-Asia mellom det asiatiske fastlandet og Ny-Guinea og Australia.[2] Innbyggjarane på Dei austindiske øyane vert stundom kalla austindarar for å skilje dei frå indarane i India, Karibia (som stundom vert kalla Vestindia) og amerikanske indianarar.

Novernade land som var omfatta av omgrepet er India, Pakistan, Bangladesh, Myanmar, Sri Lanka, Maldivane, Thailand, Kambodsja, Laos, Brunei, Singapore, Filippinane, Aust-Timor, Malaysia og Indonesia. Nederlandske koloniar i området vart kalla Nederlandsk Austindia før Indonesia fekk sjølvstende.

Austindia kan òg inkludere Indokina, Filippinane, Brunei, Singapore og Aust-Timor, men ikkje vestlege Ny-Guinea (Vest-Papua), som er ein del av Melanesia.

Regionar i Austindia er stundom delt inn etter kva kolonirike dei høyrte til, til dømes Britisk Austindia som refererer til Malaysia, Nederlandsk Austindia som er Indonesia og Spansk Austindia som er Filippinane.

Historie endre

Europearane kom til desse regionane seint på 1400-talet og tidleg på 1500-talet, ført an av portugisiske utforskarar. Regionane vart viktige kjelder for handelsvarer, særleg bomull, indigofargestoff og krydder etter at det vart oppretta europeiske handelsselskap, som Det britiske og Det nederlandske austindiske kompaniet på 1600-talet.

Kristoffer Columbus trudde i starten at Den nye verda var den austlegaste delen av dei indiske områda, då han hadde bomma grovt på den vestlege avstanden frå Europa til Asia. For å unngå forvirring vart Den nye verda seinare kalla «Vestindia», medan dei opphavlege indiske øyane vart kalla «Austindia».

Folkeslaga i Austindia har eit stort kulturelt mangfald og reknar seg ikkje som ei enkel etnisk gruppe. Hinduisme, buddhisme og islam er dei vanlegaste religionane i regionen, men i enkelte område òg kristendom, sikhisme, jainisme og andre tradisjonelle trusretningar. Språket regionen er variert og kjem frå mange språkfamiliar i Sør-Asia.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Ostindia» (2009, 14. februar), Store norske leksikon. Henta 6. oktober 2013.
  2. Ostindiske øyer (2009, 14. februar), Store norske leksikon. Henta 6. oktober 2013.