Dei egeiske øyane

Dei egeiske øyane (gresk Νησιά Αιγαίου, Nisiá Aigaíou; tyrkisk Ege Adaları) er ei gruppe øyar i Egearhavet med fastlandet til Hellas i vest og Tyrkia i aust. Kreta utgjer den sørlege grensa. I antikken vart øyane kalla Arkhipelago, som opphavleg var namnet på Egearhavet. Etter kvart, som på engelsk (archipelago), er dette namnet vorte eit synonym for øygruppe.

Dei egeiske øyane
øygruppe
Land  Hellas,  Tyrkia
Kart
Dei egeiske øyane
38°N 25°E / 38°N 25°E / 38; 25
Wikimedia Commons: Islands of the Aegean Sea

Dei greske egeiske øyane er ein av dei tradisjonelle regionane i Hellas. Dei er delt inn i fleire grupper (frå nord til sør):

Nesten alle dei egeiske øyane høyrer til Hellas og er delt mellom ni administrative periferiar. Tyrkia eig øyane Gökçeada (Ímvros), Bozcaada (Ténedos) og åtte småøyar utanfor vestkysten.

Områda rundt nokre av øyane og luftrommet over dei er kjelda til ein pågåande strid mellom Hellas og Tyrkia. «Dei italienske egeiske øyane» (italiensk: Isole Italiane dell-’Egeo) vert stundom nytta om dei egeiske øyane Italia erobra under den tyrkisk-italienske krigen i 1912 og som vart annektert i 1923. Desse øyane, hovudsakleg Dodekanesane, var italienske fram til 1947.

Periferiane og periferieiningane endre

Periferiane i Dei egeiske øyane og periferieiningane deira er:

Periferi Hovudstad Areal Folketal
Dei nordlege egeiske øyane
består av:
3 836 km² 199 231
1 Periferieininga Ikaría Ájos Kírykos 301 km² 9 882
2 Periferieininga Sámos Sámos by 476 km² 32 977
3 Periferieininga Khíos Khíos by 904 km² 52 674
4 Periferieininga Lésvos Mytilíni 1 633 km² 86 436
5 Periferieininga Límnos Mýrina 519 km² 17 262
Dei sørlege egeiske øyane
består av:
Lamía 5 286 km² 308 975
6 Periferieininga Ándros Ándros by 380 km² 9 221
7 Periferieininga Tínos Tínos 195 km² 8 636
8 Periferieininga Mýkonos Mýkonos 105 km² 10 134
9 Periferieininga Sýros Ermoúpoli 102 km² 21 507
10 Periferieininga Kéa-Kýthnos Ioulída 247 km² 3 911
11 Periferieininga Mílos Mílos 362 km² 9 932
12 Periferieininga Páros Páros 242 km² 14 926
13 Periferieininga Náxos Náxos 622 km² 20 837
14 Periferieininga Thíra Firá 315 km² 18 883
15 Periferieininga Kálymnos Kálymnos 301 km² 29 452
16 Periferieininga Kos Kos 337 km² 34 396
17 Periferieininga Kárpathos Kárpathos 394 km² 7 310
18 Periferieininga Ródos Ródos by 1 587 km² 119 830
Totalt Dei egeiske øyane 9 122 km² 508 206[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

Referansar
Tradisjonelle regionar i Hellas
Thráki • Makedonía • Ípiros • Thessalía • Sentral-Hellas • Attikí • Peloponnes • Dei egeiske øyane • Dei joniske øyane • Kreta