Dei sju underverka

Dei sju underverka var ei gruppe makelause byggverk i (den greske) antikken.

Sju underverk frå oldtida (frå venstre til høgre, topp til botn): Kheopspyramiden, Babylons hengande hagar, Artemistempelet i Efesos, Zevsstatuen i Olympia, Mausoleion i Halikarnassos, Kolossen på Rhodos og Fyrtårnet på Faros som omtala på 1600-talet av den nederlandske målaren Maarten van Heemskerck.

Førehistorie endre

Vi reknar til vanleg Antipater frå Sidon som opphavet til lista, fordi han nemnde dei sju underverka i eit dikt kring 140 f.Kr. Men tanken om sju underverk går lengre tilbake i tida; den tidlegaste kjende kjelda er Herodots Historie. I andre halvdelen av 200-talet f.Kr. skreiv Kallimakos frå Kyrene ei samling om verdas underverk, men denne gjekk tapt då biblioteket i Alexandria brann.

Sidan Antipater har fleire ulike lister blitt til. Blant anna samanlikna Plinius den eldre den romerske ingeniørkunsten - som akveduktar og kloakk - med dei greske byggverka. Den lista vi no kallar verdas sju underverk stammar eigentleg frå mellomalderen på ei tid då mange av underverka ikkje lenger eksisterte. Sidan lista stort sett kom frå greske nedteikningar, vart berre underverka som kunne vore kjende og vitja av dei gamle grekarane, inkluderte.

Grekarane nytta ikkje omgrepet «underverk», men theamata, som betre kan omsetjast til «må sjåast».

Dei sju underverka var:

  1. Kheopspyramiden
  2. Babylons hengande hagar
  3. Zevsstatuen i Olympia
  4. Artemistempelet i Efesos
  5. Mausoleion
  6. Kolossen på Rhodos
  7. Fyrtårnet på Faros

To av desse underverka stod i det som nå er Hellas, to stod i dagens Egypt, to stod i det moderne Tyrkia, og eitt stod i noverande Irak. Det einaste som enno er att er Kheopspyramiden; det eldste av underverka. Kolossen på Rhodos stod derimot berre i 56 år, til han raste saman under eit jordskjelv. Dei hengande hagane i Babylon er det av underverka vi veit minst om - kan hende har dei aldri eksistert.

 
Sju underverk frå oldtida (frå venstre til høgre, topp til botn): Kheopspyramiden, Babylons hengande hagar, Artemistempelet i Efesos, Zevsstatuen i Olympia, Mausoleet i Halikarnassos, Kolossen på Rhodos og Fyrtårnet på Faros ved Alexandria som skildra på 1600-talet av den nederlandske målaren Maarten van Heemskerck.
Underverk Dato Bygd av Øydelagt Årsak
Kheopspyramiden 2550 f.Kr egyptarar Er bevart --
Babylons hengande hagar 600 f.Kr babylonarar ? jordskjelv
Kolossen på Rhodos 550 f.Kr Anatolians 356 f.Kr jordskjelv
Zevsstatuen i Olympia 435 f.Kr grekarar ? brann
Mausoleion 351 f.Kr Karienarar ? jordskjelv
Artemistempelet i Efesos 292-280 f.Kr hellenistisk sivilisasjon 224 f.Kr jordskjelv
Fyrtårnet på Faros ved Alexandria 299–279 f.Kr hellenistisk sivilisasjon 1375 jordskjelv

Lister frå mellomalderen endre

 
Stonehenge har vore rekna som eit underverk sidan mellomalderen. Illustrasjon frå 1649.

Ulike lister over sju underverk vart sette opp seinare i mellomalderen, utan at ein kjenner opphavet sikkert.

Andre byggverk som har vore nemnde som underverk:

Moderne lister - dei sju nye underverka endre

 
Den kinesiske muren er ofte rekna som eit underverk.

I tråd med tidlegare tradisjon er det produsert mange lister opp igjennom åra over ulike underverk eller reisemål. Ei liste over sju menneske- og naturskapte «under» vart sett opp av Hillman Wonders:[5]

Ei anna liste vart offentleggjort av det sveitsiske selskapet New Open World Corporation 7. juli 2007 (07.07.07), og fekk namnet Dei sju nye underverka. Selskapet heldt ei kåring av ei heil rekkje forslag av "underverk", og dei sju vinnarane vart:

 
Nordlys i Alaska
Foto: Joshua Strang, US Air Force

Naturskapte under endre

Ei av mange lister er nedskriven av CNN med berre naturskapte under:[6]

Sjå og endre

Referansar endre

  1. Palpa, as You Like it, page 67)
  2. The Complete Idiot's Guide to the Crusades (2001, page 153))
  3. The Rough Guide To England (1994, page 596))
  4. The Catholic Encyclopedia, v.16 (1913), page 74
  5. Hillman Wonders
  6. CNN Natural Wonders

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur endre

  • Cox, Reg, and Neil Morris, «The Seven Wonders of the Modern World». Chelsea House Publications: Library. October 2000. ISBN 0-7910-6048-9
  • Cox, Reg, Neil Morris, and James Field, «The Seven Wonders of the Medieval World». Chelsea House Publications: Library. October 2000. ISBN 0-7910-6047-0
  • D'Epiro, Peter, and Mary Desmond Pinkowish, «What Are the Seven Wonders of the World? and 100 Other Great Cultural Lists». Anchor. 1. desember, 1998. ISBN 0-385-49062-3
  • Morris, Neil, «The Seven Wonders of the Natural World». Chrysalis Books. 30. desember, 2002. ISBN 1-84138-495-X

Underverk frå oldtida endre

Andre underverk endre

  • The World's Top 100 Wonders - ei liste over dei fremste arkitektoniske, ingeniørmessige og naturlege underverk, sett saman av reiseskribenten Howard Hillman.
  • WonderClub.com - «listenes liste» med informasjon om dei fleste underverka