Det skotske høglandet

(Omdirigert frå Dei skotske høglanda)

Det skotske høglandet viser til området som utgjer den barske nordre delen av det skotske fastlandet.

Det skotske høglandet. Her frå Dunadd ved Kilmartin Glen.

Skottland består tradisjonelt av tre hovuddelar, låglandet, høglandet og øyane. Mesteparten av folket bur i låglandet, med byane Edinburgh (hovudstad) og Glasgow (den største byen). Det skotske høglandet er tynt folkesett, og har ein heilt annan kultur enn låglandet.

Inverness blir rekna som høglandshovudstaden. Tradisjonelt skil ein dei skotske høglanda frå låglanda ved å dra ei nordvestleg line frå Dumbarton til Stonehaven. Nokre øyar, som Hebridane, blir rekna med til høglanda, medan Orknøyane og Shetland ikkje blir det.

Kultur endre

 
Ei langhorna, langhåra høglandsku.

Dei skotske høglanda er kjende for at dei skotske tradisjonane har halde seg betre der. Det skotske klansystemet heldt seg sterkt her fram til 1700-talet.

I høglanda snakkar ein del menneske framleis skotsk gælisk, sjølv om høglandengelsk òg er brukt og bruken av engelsk stadig veks.

Husdyr har tilpassa seg det harde klimaet i høglandet, og ein har fått rasar oppkalla etter det, til dømes høglandskyr og highland-ponniar.

Historie endre

Den mest dramatiske perioden i historia til høglandet blir kalla The Highland Clearances. Denne hendinga var ein del av ein generell endringsprosess i heile det britiske jordbruket, som førte til at dei fleste småbøndene vart fordrivne frå bygdene fordi godseigarane ikkje trong dei der lenger, dei var i vegen. I Dei skotske høglanda kom denne prosessen seinare enn i resten av landet, i hovudsak på 1800-talet, den var bråare og enda meir brutal. Heimane vart nedbrende, og mange, særleg barn og eldre, døydde av svolt og sjukdom. Mange måtte utvandre eller flytte sørover. Enno i dag er det fleire sauer enn menneske i Høglanda. Somme meiner det som skjedde òg var ei form for tidleg etnisk reinsing, og ein freistnad på å utrydde den keltiske kulturen. Godseigarane lukkast iallfall, med militær støtte frå styresmaktene, i å redusere folkesetnaden varig, og svekkje keltisk kultur i området.

Byar og landsbyar i høglanda endre

 
Ein broch, festningstårn, nær Glenelg.

Verdt å vitja endre

 
Slottet Eilean Donan.