Dei transilvanske fjella
Dei transilvanske fjella er det generelle namnet på fjella som ligg rundt alle fire sider av Det transilvanske platået i Transilvania i Romania og dannar den sørlege og søraustlege delen av Karpatane. Fjella fungerer som ein mektig, naturleg festning mot dei omliggande områda og vaktar tilkomsten frå Den store ungarske sletta i vest.
Den sørlege delen av Dei transilvanske fjella består av Dei transilvanske Alpane og er dei høgaste og lengste fjella i området. Dei stig til opp mot 2500 meter over havet.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Transylvanian Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juli 2008.