Deichmanske bibliotek

59°54′59.458″N 10°44′46.882″E / 59.91651611°N 10.74635611°E / 59.91651611; 10.74635611

Deichmanske bibliotek. Tårnet på Svenska Margaretakyrkan til høgre i biletet
Foto: J. P. Fagerback (2005)
Fasade mot vest.
Foto: Mahlum (2008)

Deichmanske bibliotek, med hovudbibliotek på Arne Garborgs plassHammersborg i Oslo, er eit kommunalt folkebibliotek, det største i Noreg. Hovudbiblioteket opna i 1933. Arkitekt for bygget var Nils Reiersen.[1]

Biblioteket har avdelingar kringom i Oslo.

Biblioteket byggjer på ei testamentarisk gåve frå Carl Deichmann, som levde frå 1705 til 1780. Han testamenterte boksamlinga si på 6 069 band til byen. Dei første biblioteklokala låg i Rådhusgata, og opna for publikum 12. januar 1785.[1]

I 1898 moderniserte Haakon Nyhuus biblioteket etter eit opphald i USA.

Eit nytt hovudbiblioteket er under bygging i Bjørvika i Oslo.

Fritt biblioteksystem endre

Deichman bibliotek har sia 2014 nytta det frie biblioteksystemet Koha[2] med utvidinga Library Extended (LS.ext). Denne utvidinga er utvikla av og for Deichman bibliotek, og har vore nytta i produksjon sia oktober 2016.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Oslo byleksikon, side 136
  2. «Deichmanske bibliotek tar i bruk det frie og åpne biblioteksystemet Koha» (på norsk). Deichmanske bibliotek. 16. januar 2014. Henta 11. februar 2023. 
  3. Petter Goksøyr Åsen (8. juni 2017). «Home, Welcome to the ls.ext wiki!» (på engelsk). Henta 11. februar 2023. 

Bakgrunnsstoff endre