Deildegast (av tysk geist) er i norsk folketru ein attergangar eller eit gjenferd (spøkelse) etter ein person som i levende live har flutt grensemerke (deilder) mellom gardar. Målet med slik flytting var utviding av eigen eller slekta sin eigedom. Etter dauden vert ein slik person ein deildegast. Deildegasten må prøva å flytta deilden attende til rett plass. Oppgåva er umogleg, og attergongaren skal uttrykkja misnøya si med skrik og stønning.[1] Om eit levande menneske flyttar merkesteinen attende på plass, kan deildegasten få fred og spøkeriet ta slutt.

Deildegastar er blitt kalla skogagastar i Setesdal og Åmli og heigastar andre stader.[1]

Deildegastar i litteraturen endre

Minnet om deildegastane er å finna i Draumkvedet, der dei er skildra slik:

So kom eg meg åt manne dei
dei bar på gloande jord
Gu` nåe dei synduge såline
som flytte delder i skog.

Deildegasten vert rekna som ein variant av myta om Sisyfos og steinen hans. Denne typen attergongar er òg med i diktet Dømd i Haugtussa av Arne Garborg.

Eg gjekk som ærelause Svein
og flutte denne Deildestein;
eg braut mitt Ord, og braut mi tru
og kann kje millom Vénir bu.
Eg finn kje Fred og Faderfamn,
Gud hjelpe meg i Jesu Namn!

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Andreas Faye (1948). Norske Folke-Sagn. Oslo: Norsk Folkeminnelags Forlag. s. 75–76. 

Bakgrunnsstoff endre