Delirium tremens (skjelvande forvirring) er ein alkoholpsykose. Tilstanden inneber uro, intense hallusinasjonar og skjelvingar. Ofte kjem delirium tremens som ein reaksjon når ein stoggar eit langvarig og kraftig inntak av etanol. Det er uklårt om det er overirritabilitet etter alkoholkonsumet eller abstinens som utløyser åtaka.

Ein alkoholikar har fått dilerium tremens

Ofte startar tilstanden med predelirium; uro, rastløyse, irritabilitet, tiltakande angst skjelvingar i fingrane. Ein får også ofte eit raudsprengt andlet. Det er ikkje alltid dette går over til delirium tremens.

Delirium tremens er kjenneteikna av forvirring og uverkelege synsinntrykk (synshallusinose). Ein ser fæle udyr og andre skrekkbilete, og pasienten kan bli svært aggressiv og fylt av angst. Epileptiske åtak kan forekomme.

Behandling endre

Pasienten treng menneskeleg kontakt og omsorg, og skal ikkje ligge aleine i mørkret. Det kan vera naudsynt med fysiske maktmiddel (reiming), medikamentell behandling er òg mogeleg. Av di desse pasientane ofte er fysisk nedkøyrde er overvaking av t.d.væskebalanse og hjartestatus naudsynt.

  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.