Delstaten San Luis Potosí

San Luis Potosí (òg SLP eller San Luis) er ein av Mexicos 31 delstater. Han ligg i sentral-nordlege delen av landet og har eit areal på 62 849 km². Delstaten grensar til Coahuila i nord, Nuevo León i nord-aust, Tamaulipas og Veracruz i aust, Hidalgo, Querétaro og Guanajuato i sør, og Zacatecas i nord-vest.

San Luis Potosí

San Luis Potosí har eit folketal på like over 2 400 000 innbyggjarar (2005). Hovudstaden og største byen er San Luis Potosí. Andre store byar er Ciudad Valles og Matehuala.

Delstaten vart oppkalla etter Kong Louis IX av Frankrike.

Bakgrunnsstoff endre