Deltaprosjektet (nederlandsk Deltawerken) er eit vernesystem mot flaum ved stormar og høg vasstand i Nederland i estuara til elvane Rhinen, Maas og Schelde. Dei ulike forsvarsverka ligg i provinsane Zeeland og sør i Zuid-Holland.

Del av Oosterscheldekeringen
Del av Oosterscheldekeringen

Prosjektet vart starta etter den omfattande Nordsjøflaumen i 1953 som kosta over 1800 menneskeliv. I prosjektet inngår fleire demningar og barrièrar i dei mange elvegreinene og vikene i deltaet. Planen vart gjennomført over ein periode på om lag 40 år. Den første ferdige barrièren var Stormvloedkering Hollandse IJssel som stod ferdig i 1958. Den siste delen, Maeslantkering, stod ferdig i 1997.

Under bygginga av dei ulike delane av prosjektet vart ny og unik teknologi teke i bruk. Spesielt gjaldt dette ved bygginga av Oosterscheldekeringen og Maeslantkeringen, som då òg fekk mykje merksemd frå utlandet. American Society of Civil Engineers utropte Deltaprosjektet til eit av dei sju moderne underverka i verda.

Bakgrunn endre

Deltaprosjektet var alt på teiknebord før den store flaumen som på nederlandsk vert kalla «Watersnood» trefte landet, og den største pådrivaren var ingeniør Johan van Veen som arbeida for Rijkswaterstaat. Likevel er det ikkje uvanleg at ein trur flaumen som skjedde 1. februar 1953 var årsaka til Deltaprosjektet. Denne flaumen kosta 1835 menneske livet, og sette store område under vatn. For å verne landet i framtida avgjorde den nederlandske regjeringa at Deltaprosjektet skulle framskundast og anlegga skulle byggast i større tempo enn tidlegare planlagt. I løpet av 25 år skulle fleire byggast, og kysten av landet ville dermed bli rundt 700 km kortare.

Konstruksjonsperioden endre

Deltaprosjektet vart avslutta i løpet av ein periode på omtrent førti år. Då Maeslantkeringen vart ferdigstilt i 1997 var Deltaplanen samtidig avrunda. Byggverka i prosjektet er:

Se også endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre