Deltarune

dataspel frå 2018

Deltarune er eit datarollespel utvikla av Toby Fox. I spelet kontrollerer spelaren eit menneske, Kris, i ei verd der monster lever på overflata av jorda. Kris og ein klassekamerat, Susie, ender begge opp i ein stad kjend som «Dark World» der dei møter Ralsei, som informerer dei om at dei er heltar som er meint å bøte balansen i verda.

Deltarune

Utviklar(ar)Toby Fox
Utgjevar(ar)Toby Fox
DistributørNintendo eShop, PlayStation Store, itch.io, Steam
SkaparTemmie Chang, Toby Fox
ForfattarToby Fox
Komponist(ar)Toby Fox
Basert påUndertale
SpelmotorGameMaker
Siste versjon1.010
Plattform(er)Microsoft Windows, macOS, Nintendo Switch, PlayStation 4
Utgjeving
Kapittel 1
Windows, macOS
31. oktober 2018
Nintendo Switch, PS4
28. februar 2019
Kapittel 2
Windows, macOS
17. september 2021
Nintendo Switch, PS4
23. september 2021
SjangerRollespel
SpelemodusEinspelar
Nettstadhttps://www.deltarune.com/
←Undertale  ·

Spelaren navigerer, i hovudsak via kampsystemet, gjennom forskjellige typar «bullet hell»-åtak frå fiendar. Kampane i spelet kan avgjerast fredeleg eller gjennom vald. Første kapittel vart utgjeve gratis 31. oktober 2018 til Microsoft Windows og macOS,[1] og den 28. februar 2019 til Nintendo Switch og PlayStation 4. Grafikken i spelet har fellestrekk med japanske rollespel som Earthbound, Mario & Luigi: Superstar Saga og Chrono Trigger.

Deltarune er ein spin-off av det førre spelet til Toby Fox, Undertale (som Deltarune er eit anagram av), men handlinga går ikkje føre seg i den same verda ifølgje Fox. Andre kapittel vart utgjeve i september 2021.

Kjelder endre

  1. «Undertale-skaperen overrasket med nytt gratisspill». Gamer.no. 1. november 2018. Henta 15. mars 2019. 

Bakgrunnsstoff endre