Democraten 66 (D66), på norsk Demokratar 66, er eit sosialliberalt politisk parti i Nederland. Partiet er eit systerparti av Venstre i Noreg, og er medlem i Den liberale internasjonale. Partiet vart stifta i 1966. Leiaren sidan 2006 heiter Alexander Pechtold.

Democraten 66

LandNederland
Partileiar(ar)Victor Everhardt[1]
GrunnleggjararHans van Mierlo
Grunnlagt14. oktober 1966
HovudkvarterHaag
Medlemstal29 624 (1. januar 2024)[2]
Ideologiliberalisme, Sosialliberalisme, progressivisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrisme

D66 har tatt del i fleire koalisjonsregjeringar, seinast regjeringa til Jan Peter Balkenende. Partiet trekte seg frå koalisjonen i juni 2006 og tvinga dermed fram eit nyval. Valresultatet vart det dårlegaste for D66 nokonsinne, det fekk 2,0 % av røystene og 3 representantar i nasjonalforsamlinga (av 150).

Partiet sjølv seier at det sentrale temaet deira er «individuell fridom, sosialt engasjement, like rettar og ytringsfridom. D66 siktar mot eit demokratisk, berekraftig og ope samfunn der individuell fridom, kopla med sosial samanheng, er norma.»[3]

Ungdomsrørsla til D66 heiter Jonge Democraten.

Oppslutning ved parlamentsval 1967-2012 endre

Årstal Mandat Røyster
2012 12 8,0 %
2010 10 6,9 %
2006 3 2,0 %
2003 6 4,1 %
2002 7 5,1 %
1998 14 8,9 %
1994 24 15,4 %
1989 12 7,9 %
1986 9 6,1 %
1982 6 4,3 %
1981 17 11,1 %
1977 8 5,4 %
1972 6 4,2 %
1971 11 6,8 %
1967 7 4,5 %

Kjelder endre

  1. https://dnpp.nl/pp/d66/vz; vitjingsdato: 24. februar 2022.
  2. https://www.rug.nl/research/dnpp/themas/ledentallen/ledental-2024.
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 5. april 2007 

Bakgrunnsstoff endre