Den andre industrielle revolusjonen

Den andre industrielle revolusjonen er ei nemning på endringar i samfunnet i tida frå 1871 til 1914, som eit framhald av den industrielle revolusjonen.

Det tyske keisarriket blei utropt i 1871.
«Vor der Vollendung» (Før fullføringa, 1873-1876), måleri av Paul Meyerheim.

I 1871 vann eit samla Tyskland den fransk-prøyssiske krigen og tok opp i seg det industrialiserte området Lorraine. Krigen auka satsinga på utvikling av ny teknologi. I 1914 innleia fyrste verdskrig ei ny tid der teknologisk utvikling var knytt til krig.

I denne tida var det ei sterk utvikling innan kjemisk industri, elektrisk industri, petroleumsindustri, og stålindustri. Masseproduksjon av forbruksvarer vart òg utvikla i denne tida. Døme kan vera produksjon av matvarer, tekstilar og utvikling av transporttenester. Underhalding og media med tidleg kinofilm, radio og grammofon auka sterkt og mange fekk arbeid innan sektoren.

Effektivisering og auking av produksjonen var faktorar som leidde fram til depresjonen i mellomkrigstida og den såkalla «nyimperialismen».

Storbritannia vart i denne tida teke att av andre land i industriell utvikling. Etter kvart peika Tyskland og til dels USA seg ut som leiande innan industriutvikling. Den industrielle revolusjonen kom til Noreg for fullt først i denne tida, med industri bygd opp med grunnlag i vasskraft.

I USA var det ei sterk utvikling innan industri knytt til elektrisitet. Oppfinnarar som Nikola Tesla, Thomas Alva Edison og George Westinghouse utvikla system som gjorde det mogleg å nytta elektrisitet til lys og innan produksjon. Frederick Winslow Taylor utvikla teoriar om vitskapleg produksjonsstyring (scientific management). For å effektivisera produksjonen vart samleband introdusert.

Forbrenningsmotorar vart utvikla, noko som danna grunnlaget for den moderne bilen.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre