Den andre opiumskrigen

Den andre opiumkrigen eller Arrowkrigen var ein krig mellom Storbritannia og Frankrike mot Qing-dynastiet i Kina. Krigen starta i 1856 og enda i 1860. Det kinesiske keisardømmet måtte gje etter for vestlege makter og Russland i ei rekkje saker; blant anna vart opiumshandelen legalisert.[1]

Den andre opiumskrigen

Dato 1856-1860
Stad Kina
Resultat Koalisjonen sigra
– Opiumshandel blei legalisert
Tianjin-traktaten
– Traktaten i Aigun
– Traktaten i Beijing
Partar
Koalisjonen:
Det britiske flagget
 Frankrike
Qing-dynastiet i Kina
Kommandantar
Det britiske flagget Sir Michael Seymour
Det britiske flaggetLord Elgin
Flagget til Frankrike Jean Baptiste Louis Gros
Ye Mingchen
Bo-gui
Del av det keisarlege sommarpalasset før det vart brent. Fotografi tatt av Felice Beato mellom 6. og 18. oktober 1860

Bakgrunn endre

Vestleg imperialisme voks raskt fram i 1850-åra. Nokre delte mål hos dei kapitalistiske maktene var å ekspandera dei oversjøiske marknadane deira og etablera nye koloniar. Frankrike og USA kravde revisjonar i Huangpu- og Wangxia-traktatene i eit forsøk på å få utvida sine privilegium i Kina. Storbritannia sette fram det same kravet og viste til «like avtalar»-artikkelen som den mest føretrekte nasjonsstatusen. Dei britiske krava inkluderte at heile Kina vart tilgjengeleg for britiske handelsmenn, legalisering av opiumshandelen, tollfritak på importvarer, tiltak mot piratverksemd og regulering av handelen med kuliar. Britane kravde og å få ha ein britisk ambassadør i Beijing og at den engelske versjonen av alle traktatar skulle ha forrang overfor den kinesiske.

Qing-hoffet avviste krava frå Storbritannia, Frankrike og USA.

Utbrot og krigsgang endre

Krigen kan sjåast på som ei fortsetjing av den første opiumskrigen (1839-1842), og av det kjem namnet den andre opiumskrigen.

8. oktober 1856 vart fartøyet «Arrow» borda av kinesiske styresmakter. Skipet var kinesisk eigd, registrert i Hongkong og var mistenkt for piratverksemd og smugling. Tolv kinesarar vart arresterte og fengsla. Dette har seinare blitt kjent om «Arrow-hendinga». Dei britiske tenestemennene i Guangzhou forlanga at sjømennene skulle setjast fri, då skipet nyleg hadde vore britiskregistrert. Då dette vart tilbakevist av kinesiske styresmakter insisterte britane på at «Arrow» hadde ført britisk flagg og at dei kinesiske soldatane hadde vist forakt for det. Dei kinesiske styresmaktene hadde allereie hendene fulle med eit opprør (Taipingopprøret) og Qing-administrasjonen var ikkje sterk nok til å stå mot dei vestlege maktene militært.

Sjølv om britane var opptekne med opprøret i India (kjent som Sepoyopprøret) så svarte dei på «Arrow-hendinga» i 1857 og angreip Guangzhou frå Perlefloda. Ye Mingchen som var guvernør i provinsane Guangdong og Guangxi gav dei kinesiske troppane ordre om å ikkje å gjere motstand. Etter å ha teke fortet nær Guangzhou utan kamp angreip den britiske hæren Guangzhou, medan amerikanske krigsskip skaut mot byen. Innbyggarane og soldatane i Guangzhou gjorde likevel sterk motstand mot inntrengarane og tvinga dei til å trekkja seg tilbake.

Det britiske parlamentet bestemte seg for å krevja erstatning frå Kina, basert på ein rapport om «Arrow-hendinga» frå den britiske konsulen i Guangzhou. Frankrike støtta det britiske felttoget mot kinesarane, tilskunda av dei kinesiske styresmaktene si avrettinga av ein fransk misjonær i provinsen Guangxi. USA og Russland sende diplomatar til Hongkong for å tilby britane og franskmennene hjelp; men til slutt gjennomførte dei to europeiske maktene felttoget aleine.

Britane og franskmennene samla styrkane sine under admiral Sir Michael Seymour. Den britiske hæren vart leia av Lord Elgin og den franske av Jean Baptiste Louis Gros. Dei britisk-franske styrkane angreip og okkuperte Guangzhou seint i 1857. Ye Mingchen vart teken til fange og Bo-gui, guvernøren i Guangdong overgav seg. Ein felles komitè som representerte britane og franskmennene vart danna. Bo-gui vart på sin post for å halde lov og orden på vegner av invasjonsstyrkane. Den britisk-franske alliansen kontrollerte Guangzhou i om lag fire år. Ye Mingchen vart send i eksil til Calcutta i India, der han svelta seg til døde.

Invasjonsstyrkane heldt fram nordover for å innta Takuforta nær Tianjin i mai 1858.

Tianjintraktaten endre

I juni 1858 vart den fyrste delen av krigen avslutta med Tianjintraktaten, der Storbritannia, Russland, Frankrike og USA underteikna. Denne avtalen opna ti nye hamner for vestleg handel. Den kinesiske regjeringa nekta først å underteikna avtalen. Dei viktigaste punkta i avtalen var:

  1. Storbritannia, Frankrike, Russland og USA skulle ha rett til å etablera diplomatiske stasjonar i Beijing, på den tida ein lukka by.
  2. Seks nye kinesiske hamner skulle opnast for vestleg handel, inkludert Niuzhuang, Tanshui, Hankou og Nanjing.
  3. Alle utanlandske skip, inkludert handelsskip skulle ha fri tilgang til elva Yangtze.
  4. Utlendingar skulle ha rett til å reisa i innlandet i Kina, det var tidlegare forbode.
  5. Kina skulle betala skadeerstatning til Storbritannia og Frankrike.
  6. Kina skulle betala kompensasjon til britiske handelsmenn for øydelegging av deira eigedom.

Traktaten i Aigun endre

Den 28. mai 1858 vart traktaten i Aigun underteikna, ein separat avtale med Russland for å revidera den russisk-kinesiske grensa slik den var fastsett ved avtalen i Nertsjinsk i 1689. Russland gjenvann den nordlege sida av elva Amur og flytta med det grensa fram frå elva Argun. Avtalen gav Russland kontrollen over eit isfritt område ved Stillehavet, der landet grunnla byen Vladivostok i 1860.

Krigen fortset endre

Kina sette seg mot etablering av diplomatiske legasjonar i Beijing (som avtalt i Tianjin-traktaten) og i 1859 skaut ein flåtestyrke under admiral Sir James Hope mot forta som vakta munningen av elva Peiho. Forta vart skada og styrken trekte seg tilbake under dekke av ein skvadron leia av kommandør Josiah Tattnall.

 
Fort ved Taku rett etter erobring 21. august 1860

3. august 1860 vart ein britisk-fransk styrke sett i land ved Pei Tang, og angreip forta ved Taku den 21. august. Den 26. september hadde styrken nådd Beijing og erobra byen den 6. oktober. Keisar Xianfeng utnemnde broren prins Gong til forhandlingsleiar og flykta sjølv til sommarpalasset i Chengde. Dei britisk-franske troppane sette fyr på sommarpalasset og det gamle sommarpalasset etter fleire dagars plyndring. Det gamle sommarpalasset vart totalt øydelagt.

Grunnlaget for øydelegginga av sommarpalassa er framleis omdiskutert. Den offisielle grunnen Elgin gav var å avskrekka kinesarane frå å bruka kidnappingar som eit forhandlingsmiddel, og for å få hemn for keisarane sitt misbruk av «kvitt flagg». Anna, som avrettingar vart vurdert, men Elgin såg øydelegginga av palassa som det minst støytande, då det skada det despotiske styret, men ikkje det uskuldige kinesiske folket. Det er likevel truleg at grunnen var tortur og mord på vestlege fangar.[treng kjelde] Ei anna mogleg forklaring er at Elgin vart krenkt av dekadensa til hoffet, og vart spesielt støytt av dei europeiske bygningane på området.[treng kjelde] Kinesiske historikarar har argumentert med at øydelegginga var eit skalkeskjul for omfattande plyndring.

Traktaten i Beijing endre

Etter at keisaren Xianfeng hadde flykta frå Beijing, vart traktaten frå Tientsin endeleg ratifisert av bror til keisaren, prins Gong. Traktaten i Beijing vart signert den 18. oktober 1860 og avslutta den andre opiumskrigen.

Handelen med opium vart legalisert og kristne vart gjeve fulle borgarrettar, inkludert retten til å eiga land, og retten til å misjonera.

Traktaten i Beijing inkluderer:

  1. Kina godkjende traktaten i Tientsin
  2. Tianjin skulle opnast for handelsskip
  3. Distrikt nr. 1 i Kowloon vart avstått til Storbritannia
  4. Religionsfridom vart innført i Kina
  5. Britiske skip fekk rett til å frakta kinesiske leigearbeidarar til USA
  6. Skadeerstatning til Storbritannia og Frankrike
  7. Legalisering av opiumshandelen

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Opium Wars». www.mtholyoke.edu. Arkivert frå originalen 19. oktober 2017. Henta 4. september 2018. 

.