Den antarktiske innlandsisen

Det antarktiske isdekket er ein av to polare isdekke på jorda. Han dekkjer kring 98 % av Antarktis og er den største ismassen på jorda. Han dekkjer nesten 14 millionar kvadratkilometer og inneheld 30 millionar kubikkilometer med is. Det er omtrent 61% av all ferskvatnet på jorda, eller tilsvarande 70 meter med vatn i verdshava. I Aust-Antarktis kviler iskalotten på ein stor landmasse, men i Vest-Antarktis strekkjer seg isen seg meir enn 2500 meter under havnivå. Dette ville ha lagt under vatn om ikkje isen var der.

Samansett satelittbilete av Antarktis.
Overflatetemperaturen i Antarktis mellom 1981 og 2007, basert på observasjonar av varmeutstrålinga frå ei rekkje satellittar frå NOAA. Overflatetemperaturen samsvarar ikkje nødvendigvis med trendane for lufttemperaturen.[1]
Klimatiske temperaturendringar gjennom kenozoikum, som syner nedisinga i Antarktis mot slutten av eocen, og smeltinga nær slutten av oligocen og så den nye nedisinga i miocen.

Historie endre

Nedisinga i Antarktis byrja med isfløting frå midten av eocen for kring 45,5 million år sidan[2] og eskalerte i indre område under utryddingshendinga i eocen-oligocen for kring 34 million år sidan. CO2-nivåa var då kring 760 ppm[3] og hadde minka frå tidlegare nivå på fleire tusen ppm. Minken i karbondioksid, med eit vippepunkt på 600 ppm, var hovuddrivkrafta bak nedisinga av Antarktis.[4] Nedisinga skjedde samstundes med at banen til jorda kring sola var i eit stadium med kjølige somrar, men oksygenisotopanalysar syner at endringa av desse oksygenisotopane var for store til å kunne forklare isveksten i Antarktis åleine, og indikerer ei større istid.[5] Opninga av Drakesundet kan ha spelt ei rolle i tillegg[6] men datamodellar av endringa indikerer at endringa i CO2-nivåa hadde størst tyding.[7]

Endringar endre

Iskalotten får tilførst is i form av nedbør som snø. Denne snøen vert så pakka saman og dannar isbreis, som flyttar seg på grunn av tyngdekrafta mot kysten. Det meste av isen vert flytta til kysten via rasktflytande isstraumar. Isen går så ut i sjøen og dannar ofte enorme, flytande isbremmar. Desse isbremmane smeltar så eller kalvar og skapar isfjell som til slutt smeltar.

Om overføringa av is frå land til sjø vert balansert av snø som fell over land, så vil det ikkje vere noko nettobidrag til den globale havnivåendringa. Ein analyse av satellittdata frå NASA i 2002 basert på data frå 1979–1999 syner at sjølv om innlandsisen minkar, var det dobbelt så mange område i Antarktis der sjøisen auka i staden for minka,[8] Den generelle trenden syner at eit varmare klima på den sørlege halvkula vil transportere meir fukt til Antarktis, slik at innlandsisen veks, medan kalvinga langs kysten vil auke, slik at desse områda krympar. Satellittdata frå 2006 syner at endringar i gravitasjonen til ismassen, indikerer at den totale ismengda i Antarktis har byrja å minke dei siste få åra.[9] Ein annan nyare studie samanlikna isen som forsvann frå innlandsisen, ved å måle issnøggleiken og tjukkleiken langs kysten, i forholda snøakkumuleringa på kontinentet. Studien synte at Den austantarktiske innlandsisen var i balanse, medan Den vestantarktiske innlandsisen mista masse. Dette kjem stort sett av at isstraumar som Pine Island-breen flyttar seg raskare enn før. Desse resultata stemmer overeins med gravitasjonsendringane.[10][11]

I følgje ein studie i 2009 aukar middeltemperaturen på overflata av Antarktis og med den signifikante verdien på meir enn 0,05 °C/tiår sidan 1957.[12][13][14][15] Vest-Antarktis har blitt meir enn 0,1 °C/tiår dei siste 50åra, og denne oppvarminga er størst om vinteren og våren. Sjølv om dette delvis vert oppheva av ei avkjøling i Aust-Antarktis, var denne effekten avgrensa i 1980-åra og 1990-åra.[12][13][14]

Havisanomaliar i Antarktis følgjer omtrent det same mønsteret som oppvarming, med størst nedgang i havisen utanfor Vest-Antarktis. Havisen utanfor Aust-Antarktis har auka sidan 1978, men ikkje med ei statistisk signifikant mengd. Den atmosfæriske oppvarminga har vore direkte knytt til det nyare massetapet i Vest-Antarktis. Dette massetapet kjem truleg av auka smelting av isbremmane på grunn av endringar i havsirkulasjonen (som igjen er knytte til endringar i den atmosfæriske sirkulasjonen, som òg kan forlare oppvarminga i Vest-Antarktis). Smeltinga av isbremmane fører igjen til at isstraumane flyttar seg raskare.[16] Smeltinga av dei flytande isbremmane har likevel liten effekt på havnivået, noko som kjem av skilnader i saltinnhaldet.[17][18][19] Den viktigaste konsekvensen av at isbremmane smeltar er at dei har fungert som korkar som har halde isstraumane saktegåande, medan isstraumane aukar når isbremmen er borte og det ikkje er noko som stoppar dei.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. NASA (2007). «Two Decades of Temperature Change in Antarctica». Earth Observatory Newsroom. Arkivert frå originalen den 20 September 2008. Henta 14. august 2008. NASA image by Robert Simmon, basert på data frå Joey Comiso, GSFC.
  2. Sedimentological evidence for the formation of an East Antarctic ice sheet in eocen/oligocene time Arkivert 2012-06-16 ved Wayback Machine. Palaeogeography, palaeoclimatology, & palaeoecology ISSN 0031-0182, 1992, vol. 93. no1-2, s. 85–112 (3 p.)
  3. New CO2 data helps unlock the secrets in Antarctic formation[daud lenkje] September 13th, 2009
  4. http://www.sciencedaily.com/releases/2011/12/111201174225.htm
  5. Rapid stepwise onset in Antarctic glaciation and deeper calcite compensation in the Pacific Ocean Nature 433. 53–57 (6 januar 2005) | doi:10.1038/nature03135; 25 oktober 2004
  6. eocen-oligocen transition in the Southern Sea: History of water mass circulation and biological productivity[daud lenkje] Geology februar 1996 v. 24 no. 2 p. 163-166 doi:10.1130/0091-7613(1996)?024
  7. Rapid cenozoicum glaciation in Antarctic induced by declining atmospheric CO2 Nature 421, 245–249 (16 januar 2003) | doi:10.1038;
  8. Ramanujan, Krishna (22. august 2002). «Satellites Show Overall Increases i Antarktis Sea Ice Cover». Goddard Space Flight Center. Arkivert frå originalen 24. mai 2007. Henta 27. januar 2014. 
  9. Velicogna, Isabella; Wahr, John; Scott, Jim (2. mars 2006). «Antarktis ice sheet losing mass, says Universitetet i Colorado study». Universitetet i Colorado at Boulder. Arkivert frå originalen den 9. april 2007. Henta 27. januar 2014. 
  10. doi:10.1038/ngeo102
  11. doi:10.1029/2008GL033365
  12. 12,0 12,1 Steig, Eric (21. januar 2009). «Temperature in West Antarctica over the last 50 and 200 years» (PDF). Henta 27. januar 2014. 
  13. 13,0 13,1 Steig, Eric. «Biography». Arkivert frå originalen 29. desember 2008. Henta 27. januar 2014. 
  14. 14,0 14,1 doi:10.1038/nature07669
  15. Ingham, Richard (27. januar 2014). «global oppvarming hitting all i Antarktis». The Sydney Morning Herald. Henta 27. januar 2014. 
  16. doi:10.1029/2004GL021284
  17. Peter Noerdlinger, PHYSORG.COM «Melting of Floating Ice Will Raise Sea Level"
  18. Noerdlinger, P.D.; Brower, K.R. (July, 2007). «The melting of floating ice raises the ocean level». Geophysical Journal International 170 (1): 145–150. Bibcode:2007GeoJI.170..145N. doi:10.1111/j.1365-246X.2007.03472.x. 
  19. Jenkins, A.; Holland, D. (August, 2007). «Melting of flytande ice and sea level rise». Geophysical Research Letters 34 (16): L16609. Bibcode:2007GeoRL..3416609J. doi:10.1029/2007GL030784. 

90°S 0°E / 90°S 0°E / -90; 0