Den arabiske kyst-tåkeørkenen

Den arabiske kyst-tåkeørken på sørkysten av Den arabiske halvøya er ein økoregion som innimellom har så tett tåke at sikta stundom vert redusert til berre 10 meter. Han er klassifisert som ein afrotropisk tåkeørken.[1]

Den arabiske kyst-tåkeørkenen
region
Land  Oman,  Saudi-Arabia  Jemen
Areal 82 900 km²
Tihama ved Raudehavet nær Khaukha i Jemen er ein del av dette økosystemet.

Plassering og skildring endre

Dette økosystemet finst i ei stripe langs den vestlege og austlege kysten av Arabia. Han følgjer kysten av Oman sørover frå Masirah og når innover 120 km på Jiddat al Harasisi-platået og Dhofarfjella. Frå her held området fram som ei særs smal stripe (berre 5 km breitt) langs kysten av Jemen og opp til den 50 km breie Tihamahsletta langs kysten av Raudehavet i Saudi-Arabia. I Oman og Jemen kjem fukta frå tjukk tåke som kjem frå havet under khareef-monsunen om sommaren, medan den varme Tihamah-sletta får fukt frå noko regn og den generelt høge luftfukta i Raudehavet.

Planteliv endre

I denne regionen er det sjeldan regn, så fukta kjem med tåka som nærer grasslettene, krattskogen og tette skogar. Det finst over seksti lokale planteartar. Denne kyststripa er særleg viktig fordi når ein kjem lenger inn frå kysten, der tåka ikkje når, er det meste av Den arabiske halvøya ørken. Vegetasjonen varierer i stigande grad bort frå kysten, med tette skogar av Anogeissus dhofarica, Acacia senegal og forskjellige tornete Commiphora-tre og kratt. Den rikaste floraen finn ein i Dhofarfjella med 900 planter, av dei 60 endemiske artar og to endemiske slekter, Cibirhiza og Dhofaria. Ei av desse plantene, røykjelsestreet (Boswellia sacra), var ei stor rikdomskjelde for Dhofar i oldtida. På Jemensida av Jabal Urays, ut mot sjøen er området dekt av Euphorbia balsamifera-kratt.

Dyreliv endre

Dei mange pattedyra som finst her er mellom arabisk oryx (Oryx leucoryx) som vart gjeninnført i villmarka etter at dyret forsvann, gasellar og nubisk steinbukk, ein geiteantilope. Av rovdyr langs kysten ein karakalar, arabisk ulv, stripehyene og den kritisk utryddingstruga arabiske leoparden (Panthera pardus nimr), som overlevde Jebel Samhan i Dhofarfjella. Arabisk gaselle som ein gong levde på halvøya, er no utrydda.

Kjelder endre

  1. «Arabian Peninsula coastal fog desert», WildWorld Ecoregion Profile. National Geographic Society, World Wildlife Fund, 2001, arkivert frå originalen 8. mars 2010, henta 8. mars 2017 

Bakgrunnsstoff endre