Den evangelisk-lutherske frikyrkja

Den Evangelisk-lutherske Frikyrkja, DELF eller berre Frikyrkja, er eit norsk trussamfunn basert på protestantisme. I likskap med Den norske kyrkja er ho ei evangelisk-luthersk kyrkje. Men Frikyrkja har ei anna kyrkjeordning, der trussamfunnet vert leia av sine eigne medlemer og er uavhengig av den norske staten (i motsetning til Den norske kyrkja).

Historie endre

Etableringa i Moss (1877) kom av langvarig misnøye med kontrollen i statskyrkja, autoriteten og dominansen til presten, samt dei tvungne rituala skriftemål og truvedkjenning ved konfirmasjon. Inspirert av frikyrkja i Skottland (danna i 1843), vart Frikyrkja i Noreg stifta i 1877 med Herman Hundere som kyrkjelydsvald forstandar, etterfølgt av stiftingar i Arendal, Halden, Risør og Oslo. Ein viktig føresetnad for opprettinga var Dissenterlova (1845). Kyrkjelydane til DELF vert i dag leidde av pastor og eit eldsteråd, beståande av menn (og, sidan 2005, også kvinner) som vert kalla og ordinerte av kyrkjelyden lokalt. Diakontenesta omfattar oppgåver i kyrkja der det ikkje trengst ordinasjon. Både menn og kvinner kan vera diakonar. Synoden vert leia av synodeformannen og er det høgaste organet i Frikyrkja. Synoden består av representantar for samtlege kyrkjelydar, og har ansvar for fellesarbeid. Organet utviklar kyrkja gjennom nye lover og reglement.

Frikyrkja i Noreg i dag endre

Frikyrkja er delt inn i fem tilsynsområde, som igjen overvakar dei lokale kyrkjelydane. I 2003 var det totale medlemstalet 9424 personar (dersom ein reknar med personar med avgrensa medlemskap og born, er dette talet 21.815). Dei 9424 medlemene er fordelt på tilsynsområda som fylgjer: 1052 (Nordre), 3134 (Sør-Vestre), 1655 (Sør-Austre), 908 (Vestre), 2675 (Austre). Synodeformann er Arnfinn Løyning.

For tida består Frikyrkja av 83 kyrkjelydar, spreidde over heile Noreg. Frikyrkja er det kyrkjesamfunnet som for tida startar flest nye kyrkjelydar i Noreg.

Kjelder endre