Den fransk-spanske krigen (1635–1659)

Den fransk-spanske krigen (1635–1659) var ein krig som kom av at Frankrike blanda seg inn i trettiårskrigen. Etter deira svenske allierte vart tvungen til å danne fred med Det tysk-romerske riket, erklærte premierministeren kardinal Richelieu krig mot Spania fordi dei franske territoria no var omringa av Habsburg-riket. Krigen var eit framhald av den mantovanske arvefølgjekrigen (1628–31) der Frankrike invaderte Nord-Italia og tok område som dei spanske habsburgarane gjorde krav på. Den fransk-spanske krigen enda i 1659 med freden i Pyreneane.

Den fransk-spanske krigen

La Bataille de Rocroi av François Joseph Heim.
Dato 1635–1659
Stad Nordlege, austlege og sørlege Frankrike, nordlege Spania, Dei spanske Nederlanda, Italia
Resultat Fransk siger; freden i Pyreneane
Partar
 Frankrike (kongane Ludvig XIII and Ludvig XIV)  Spania (kong Filip IV)
Den fransk-spanske krigen (1635–1659)
Les Avins · Leuven · Tornavento · Somme · Guetaria · Fuenterrabía · Saint Omer · Thionville · Dunkerque · Salses · Cádiz · Turin · Montjuïc · Aire-sur-la-Lys · 1. Tarragona · 2. Tarragona · Honnecourt · Barcelona · Lerida · Cartagena · Rocroi · 2. Lleida · Orbetello · Lens · Cambrils · 2. Barcelona · Bordeaux · Tortuga  · Arras · Valenciennes · Dunes

Bakgrunn endre

I fleire år hadde kongedømet Frankrike vore ein mindre rival til Huset Habsburg, der to av greinene styrte Spania og Det tysk-romerske riket. Gjennom det meste av 1500- og 1600-talet grensa Frankrike til Habsburg-område mot tre sider - Dei spanske Nederlanda i nord, Franche-Comté i aust og Spania i sør. Habsburgarane stod i vegen for at Frankrike kunne utvide landområda sine, og i ein krigssituasjon mot habsburgarane stod Frankrike i fare for å verte invadert frå fleire sider samstundes. Dei ønskte derfor å svekke makta til Habsburg og ta over desse grenseområda.

Under trettiårskrigen, der forskjellige protestantiske styrkar kjempa mot keisararmeane, støtta Frankrike fiendane til Habsburgriket økonomisk. Frankrike var særleg generøse i den svenske invasjonen av Riket etter 1630. Etter ein periode med særleg stor suksess, vart dei svenske styrkane til slutt slått i 1634 av ein samla spansk-keisarleg arme i slaget ved Nördlingen, som førte til ein gunstig fredsavtale for keisaren. Premierminister i Frankrike, kardinal Richelieu, mislikte utfallet og valde i 1635 å gå aktivt inn i krigen med å erklære krig mot Spania.

Under trettiårskrigen (1635–1648) endre

 
Slaget ved Rocroi.

Den opne krigen mot Spania opna lovande for franskmennene med siger i Les Avins i 1635. Året etter slo dei spanske styrkane i Dei sørlege Nederlanda tilbake med eit øydeleggande felttog i Nord-Frankrike som gjorde at dei franske styrkane stod vaklande att og som knuste økonomien i regionen. Spanjolane var i ferd med å invadere Paris då dei omfattande skattelovnadane deira på kontinentet gjorde at dei måtte utsette invasjonen. Denne pausen i dei spanske åtaka gjorde at franskmennene kunne omgruppere seg og tvinge dei spanske styrkane attende mot den nordlege grensa. Dei sende òg styrkar gjennom Lorraine og inn i Alsace for å avskjere Spanskevegen, den viktige forsyningslinja mellom Dei spanske Nederlanda go Spania via Genova ved Middelhavet. I 1640 førte indre politiske spaningar skapt av byrden trettiårskrigen medføte til at det samstundes oppstod opprør i Catalonia og Portugal mot dei spanske habsburgarane. Spania kjempa no to store krigar i tillegg til den store internasjonale krigen, og ein total kollaps for Det spanske imperiet virka å vere like om hjørnet. Franskmennene invaderte Catalonia, tilsynelatande for å støtte opprørarane. I 1645 slo franskmennene ein av dei beste spanske armeane i Rocroi, nord i Frankrike og myta om at spanjolane var uslåelege tok slutt.

Under det siste tiåret av trettiårskrigen var dei spanske styrkane i Dei spanske Nederlanda skvisa mellom franske og nederlandske styrkar og franskmennene hadde vunne ein stor siger i Lens, men dei fransk-nederlandske styrkar kunne ikkje slå spanjolane i eit avgjerande slag. Då fredsavtalen vart forhandla insisterte Frankrike på at Spania ikkje skulle inkluderast, men kravet vart avslått av dei andre deltakarane i forhandlingane. Med freden i Westfalen fekk Frankrike område i Alsace, og avskar dermed Spanskevegen. Med å signere avtalen anerkjende Spania sjølvstendet til Dei sameinte Nederlanda men gav opp lite anna. Spanjolane måtte faktisk betalast ut for å forlate stillingane dei hadde teke kring Rhinen.

I Italia kjempa Frankrike med meir eller mindre motvillig støtte frå klientstaten sin Piemonte mot spanjolane i Hertugdømet Milano. Forvirringa vart større frå 1639–1642 med den piemontesiske borgarkrigen. Omleiringa av Torino i 1640 var ei kjend hending under denne krigen og den fransk-spanske krigen.[1] I 1646 vart ein fransk flåte slått og armeen vart send til støtte vart driven ut av Spania sin toscanske presidio. Milano vart derfor verande underlagt Spania.

Seinare i krigen (1648–1659) endre

 
Don Juan José de Austria, spansk kommandant i Valenciennes, 1656

I 1648 braut det ut eit stort opprør mot kongemakta i Frankrike, kjend som Fronden. Borgarkrigen i Frankrike heldt fram til 1653 då kongestyrkane sigra. Då Fronden var over var heile landet trøytt av anarki og fråstøytt av prinsane, og såg mot kongen for orden og stabilt styre. Fronden bana derfor veg for eineveldet til Ludvig XIV. Den generelle krigen som vart starta av den franske adelen heldt fram i Flandern, Catalonia og Italia, alle stader der ein spansk og ein fransk garnison stod mot kvarandre, og Condé, med ein øydelagd arme, gjekk opent inn i teneste for den spanske kongen. Tilhøva i Spania var ikkje nok betre enn i Frankrike sidan landet i tillegg sin eigen «Fronde» og kampane i Italia, måtte kjempa mot opprøret i Portugal og det franskstøtta katalanske opprøret. Spanjolane fokuserte på å ta attende Catalonia og forskjellige italienske område av strategiske årsaker. Dette hjelpte portugisarane å styrke opprøret sitt.

I Italia helt krigen langs grensa mellom Piemonte og det spanske hertugdømet Milano fram. To gonger, i 1647–1649 og 1655–1659, klarte Frankrike å opne ein ny front mot Milano med støtte av Francesco I d'Este, hertugen av Modena, men fronten klarte aldri å bryte ned det spanske forsvaret. I sør kollapsa det napolitanske opprøret og dei franske styrkane vart drivne ut av dei spanske styrkane i 1648.

I Spania klarte ikkje franskmennene, som var svekka av Fronden, å unngå at dei spanske styrkane gjenerobra Catalonia. Det hjelpte ikkje franskmennene at katalanarane oppdaga at dei var enno meir hovmodige enn dei tidlegare spanske herrane og mange flytta lojaliteten sin attende til regimet i Madrid. Dei spanske styrkane under erkehertug Leopold Vilhelm av Austerrike drog ut av Nederlanda ved to høve for nytte seg av at franskmennene var delt. Første gongen møtte dei hard motstand frå lokale bønder og det andre gongen klarte dei å erobre fleire fort i Nord-Frankrike i februar–mars 1652. Utan støtte frå katalanarane, svekka av interne stridar og igjen trua av spanjolane frå nord, måtte franskmennene trekte det meste av styrkane sine frå sørsida av Pyreneane. Restane av den katalanske motstanden og dei utarma franske styrkane i Barcelona overgav seg til dei spanske habsburgarane i oktober 1652. Spanjolane var framleis oppteken med den portugisiske restaurasjonskrigen, og sjølv om det oppstod tilfeldige kampar i det katalanske Roussillon, stabiliserte fronten seg med Pyreneane som den effektive grensa.

I 1653 var utmattinga nådd eit punkt der ingen av partane klarte å samle nok forsyningar til å starte feltogssesongen før juli. I 1654 var den viktigaste hendinga omleiringar og frigjevinga av Arras. Natt til 25. august vart slaglinja som vart trekt rundt staden på glimrande vis storma av armeen til Turenne og Condé mottok stor ære for den trygge tilbaketrekkinga under dekke av fleire dristige kavaleriåtak leia av han sjølv, som vanleg, med sverd i handa.

 
La bataille des dunes av Charles-Philippe Larivière.

I 1655 erobra Turenne festningane Landrecies, Condé og St Ghislain. I 1656 hemna fyrsten av Condé seg for nederlaget Arras med å storme slaglinja til Turenne kring Valenciennes (16. juli), men Turenne trekte styrkane sine attende i god orden. Felttoget i 1657 skjedde utan store handlingar og vert best hugsa for at 3 000 engelske infanteristar, sende av Cromwell for å oppfylle allianseavtalen sin med Mazarin.

Dunkerque vart kringsett med ein stor styrke, dukka Don Juan av Austerrike og Condé opp med ein arme for Veurne for å frigje byen og Turenne rykte fram for å møte dei. Slaget ved Dunes vart utkjempa den 14. juni 1658 og var ein av dei største konfliktane i krigen sidan slaget ved Faubourg St Antoine. Slaget vart ein engelsk-fransk triumf over styrkane til Spania og Condé. Dunkerque fall og vart gjeven til England, som lova av franskmennene. Han vart verande under engelsk styre til 1662 då han vert seld av Karl II til Ludvig XIV.

Eit siste felttog følgde i 1659 der dei spanske styrkane dreiv dei franske ut av Italia.

Etterverknad endre

 
Møte mellom Ludvig XIV av Frankrike og Filip IV av SpaniaFasanøya.

Freden i Pyreneane vart signert den 5. november 1659. Frankrike fekk området Roussillon og områda langs grensa mot Dei spanske Nederlanda. Til gjengjeld måtte Frankrike ende støtta til kongedømet Portugal i den portugisiske restaurasjonskrigen. Den 27. januar 1660 bad Prince de Condé om tilgjeving av Ludvig XIV ved Aix-en-Provence.

Kjelder endre

  1. Saluzzo, Alessandro de (1859). Histoire militaire du Piémont (på fransk). Torino.