Den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922

Den gresk-tyrkiske krigen 1919–1922, òg kalla krigen i Litleasia eller det greske felttoget i den tyrkiske sjølvstendekrigen, var ei rekkje militære hendingar som oppstod under oppdelinga av Det osmanske riket etter den første verdskrigen mellom mai 1919 og oktober 1922. Krigen vart utkjempa mellom Hellas og styrkane til Den tyrkiske nasjonalrørsla, som seinare etablerte Republikken Tyrkia.

Den gresk-tyrkiske krigen
Del av den tyrkiske sjølvstendekrigen

Dato Mai 1919-oktober 1922
Stad Vest-Anatolia
Krigsårsak Oppdelinga av Det osmanske riket
Resultat Tyrkisk siger, Lausannetraktaten
Endringar i landområde Område som opphavleg vart avstått til Hellas frå Det osmanske riket vert gjeve tilbake til Tyrkia. Folkeutveksling mellom dei to nasjonane.
Partar
Hellas Hellas
Storbritannia Storbritannia
Revolusjonære tyrkarar Revolusjonære tyrkarar
Russland Russland
Styrkar
200 000 mann 208 000 mann (pluss landsbyburarar)
Tap
23 500 omkomne
20 820 tatt til fange
20 540 omkomne
10 000 skada

Det greske felttoget vart innleidd fordi vestlege allierte, særleg den britiske statsministeren David Lloyd George, hadde lova Hellas område frå Det osmanske riket. Det enda med at Hellas gav opp alle landområda dei hadde fått under krigen, og grensene gjekk tilbake til slik dei hadde vore før krigen. Eit resultat av krigen var òg folkeutvekslinga mellom Tyrkia og Hellas gjennom Lausannetraktaten.

Dei mislykka militære operasjonane til Hellas, og Ententemaktene sitt tap i den tyrkisk-armenske og den fransk-tyrkiske krigen mot dei tyrkiske revolusjonsstyrkane tvinga dei tilbake til forhandlingsbordet, og dei måtte gje opp Sèvrestraktaten til fordel for den nye traktaten i Lausanne og godkjenne sjølvstende til Republikken Tyrkia og suvereniteten deira av over Aust-Thrakia og Anatolia.

Kjelder endre