Den internasjonale astronomiske unionen

Den internasjonale unionen (International Astronomical Union, IAU) foreiner dei nasjonale astronomiforeiningane frå heile verda. Han er medlem i Det internasjonale forskingsrådet (ICSU). IAU er den einaste autoriteten for namngjeving av stjerner, planetar, asteroidar og andre himmellekamar og -fenomen.

Den internasjonale astronomiske unionen

Skipa28. juli 1919; 104 år sidan (1919-07-28)
HovudkontorParis
LeiarDebra Elmegreen
Verkeområdejorda
Medlemmer79 nasjonale medlemmer
12 664 individuelle medlemmer[1]
Nettstadhttp://www.iau.org/

Arbeidsgrupper internt er mellom anna Arbeidsgruppa for namngjevingar i planetsystem (WGPSN), som styrar namnekonvensjonane til IAU for lekamar av planetstorleik.

IAU er au ansvarleg for systemet med Astronomiske telegram, sjølv om han ikkje driv det.

IAU blei danna i 1919, som ei samanslutning av diverse nasjonale prosjekt. Desse prosjekta var til dømes Carte du Ciel, Solunionen og Det internasjonale tidsbyrået (Bureau International de l'Heure). Den fyrste leiaren var Benjamin Baillaud. Noreg har vore medlem sidan 1922.

IAU har per i dag 9040 individuelle medlemer, det vil seie profesjonelle astronomar (hovudsakleg) på doktorgradsnivå og 63 nasjonale medlemer (med andre ord land som er tilknytte IAU). 87 % av medlemene er mannlege, 13% kvinnelege. Den norske astronomen Oddbjørn Engvold var generalsekretær i IAU i perioden 2003–2006.

Kjelder endre

  1. Fienberg, Rick (14. august 2015). «A New Tally of Individual IAU Members» (PDF). Kai'aleleiaka. s. 3. Henta 11. oktober 2016. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Den internasjonale astronomiske unionen