Den moraviske porten

Den moraviske porten eller Den mähriske porten (tsjekkisk Moravská brána, polsk Brama Morawska, tysk Mährische Pforte) er eit geomorfologisk området i Mähren i Tsjekkia. Det har oppstått i eit søkk mellom Vest-Karpatane og Aust-Sudetane. Vasskiljet mellom elvane Oder og Bečva kryssar området.

Utsyn frå Starý Jičín gjennom Den moraviske porten, mot Odry i Tsjekkia.

Det strekkjer seg frå Mähren og om lag 65 km nordaustover mot Schlesien. Det grensar til området der elva Olza renn i saman med Oder i nord.

Den moraviske porten har vore ein naturleg fjellovergang mellom Sudetane og Karpatane sidan antikken. Her gjekk dei fleste viktige handelsruter frå Sør-Europa til Austersjøen (t.d. Ravvegen), i tillegg til ruter frå Veslepolen til Tsjekkia. Den viktigaste byen ved Den moraviske porten er i dag Ostrava. Nær nordenden av området, i Polen, ligg dei to byane Racibórz og Wodzisław Śląski.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

49°40′N 18°00′E / 49.667°N 18.000°E / 49.667; 18.000