Den portugisiske synagogen i Amsterdam

Den portugisiske synagogen i Amsterdam, oftast kalla Esnoga (nederlandsk uttale: snoge), ligg ved gata Visserplein, beint imot det historiske sentrumet av Amsterdam, rett ved Det jødiske historiske museet i Amsterdam. Dette monumentale bygget vart bygd på 1600-talet (det såkalla gylne hundreåret i Nederland) for det sefardiske trussamfunnet Talmud Tora (Det portugisisk-israelittiske trussamfunnet i Amsterdam). Etter andre verdskrigen og Holocaust er det ikkje meir enn 700 medlemmer i meinigheita. Men denne synagogen, som mirakuløst nok overlevde nazistane sine øydeleggingar (fleirtalet av dei tyske synagogane vart sette i brann), er stadig open for publikum.

Den portugisiske synagogen i Amsterdam

ArkitektDaniël Stalpaert
StilBarokkarkitektur
Kart
Den portugisiske synagogen i Amsterdam
52°22′03″N 4°54′19″E / 52.3675°N 4.905278°E / 52.3675; 4.905278
Innsida av den portugisiske synagogen i Amsterdam, med tebáen (leseplattforma) nærmast og Hekhál (arka) i bakgrunnen.
Eksteriør av den portugisiske synagogen i Amsterdam

Den 12. september 1670 vart tomta kjøpt for oppføring av den nye portugisiske synagogen i Amsterdam. Synagogen vart teikna av den nederlandske arkitekten Elias Boumann. Arbeidet tok til den 17. april 1671, og synagogen vart innvigd 2. august 1675.

Historia til det sefardiske samfunnet i Amsterdam endre

 
Måleri av interiøret i esnogaen kring 1680 av Emanuel de Witte (ca 16171692).

Etter utvisinga av alle jødar frå Spania av dronning Isabel og kong Ferdinand av Castilla i 1492 flykta om lag 30.000 jødar til Portugal, kor det allereie fanst eit tilsvarande tal portugisiske jødar.

I 1496, under styret til Diego Manoel I av Portugal, vart alle desse tvinga til å konvertere til katolisismen — anten dei var portugisiske eller spanske jødar. Den aktive forfølginga av jødar i Portugal byrja med iverksetjinga av inkvisisjonstribunalet i 1540 — ein institusjon som stod ved lag fram til 1821.

Frå denne tida av valde mange såkalla Cristãos-Novos (port.) eller cristianos nuevos (sp.), eller med andre ord dei som var ætta frå dei jødane som hadde vorte tvangskonverterte til kristendommen, å flykte frå Portugal og Spania, der dei altså var forfølgde og undertrykte av ulike grunnar. Ein av grunnane var økonomisk: Ein stor del av den jødiske befolkninga kunne lesa, medan fleirtalet av dei kristne var analfabetar. I tillegg hadde Den katolske kyrkja forbode kristne å taka renter, noko som gjorde at jødar var dei einaste som kunne drive bankverksemd på eit økonomisk forsvarleg vis. Jødane i Portugal — inkludert nykristne — hadde av desse grunnane, særleg ut frå liten grad av analfabetisme og sterk vekt på utdanning, ein høg posisjon i samfunnet i kulturlivet, i medisinen, i kartografien og i vitskap generelt.

Frå kring 1596 kom mange portugisiske familiar av jødisk opphav til Amsterdam (blant andre stader. Desse hadde fått nok av undertrykkjinga i Portugal og ville vende attende til open praktisering av si eiga tru att.

På denne tida, mellom 1580 og 1640, tok Portugal del i Den iberiske unionen under Filip-kongane — ein katolsk allianse som førte open krig mot England. Den spanske inkvisisjonen var aktiv i det sørlege Nederland på denne tida og var årsak til ryet som eit mørksinna og barbarisk folk som spanjolane fekk i Nederland. I Nederland, der reformasjonen fekk grundig fotfeste, tørsta folket etter fridom frå det katolske Spania og slost no for politisk og religiøs fridom i åttiårskrigen — krigen for nederlandsk sjølvstende.

Slik heng det saman at ikkje berre portugisiske jødar, men òg spanske jødar, grupperte seg saman med dei portugisiske for slik å unngå å bli rekna til den spanske fienden. Dei iberiske jødane (eller sefardiske jødar) vart snart til ein minoritet, med bylgja av jødar frå Aust-Europa (eller askenasiske jødar); dei sistnemnde var fleire, men òg jamnt over fattigare enn «portugisarane», som snart fekk merkelappen som kulturmenneske, finansfolk og politisk innflytnadsrike. Enno i dag, etter at nazistane utsletta over 80 % av dei nederlandske jødane under Andre verdskrigen, følgjer det ein dåm av prestisje med dei portugisiske familienamna — med samband attende til det rike portugisisk-jødiske miljøet på 1500- og 1600-talet.

Dei portugisiske jødane tilkjempa seg viktige rettar i samband med si kulturelle og politiske utvikling i Nederland, og dei oppnådde religions- og meiningsfridom — i skarp motsetnad til tilhøva for dei fleste jødiske gruppene i resten av verda.

Det portugisisk-jødiske miljøet produserte mange namn av nasjonalt og internasjonalt ry: Rabbinarar, lærde, filosofar, finansfolk og grunnleggjarar av internasjonale handelskompani. Av desse kan nemnast Baruch de Spinoza, Isaac de Pinto, David Ricardo, Menasseh Ben Israel og Uriel Acosta.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre