Den rumenske sjølvstendekrigen

Den rumenske sjølvstendekrigen vart utkjempa i 1877 mot Det osmanske riket. 16. april 1877 signerte Kongedømet Romania og Det russiske riket ein avtale i Bucureşti der russiske troppar fekk passere gjennom dei rumenske landområda, mot at Russland respekterte integriteten til Romania. Mobiliseringa byrja og om lag 120 000 soldatar vart samla saman sør i landet for å forsvare seg mot eventuelle åtak frå osmanske styrkar frå sørsida av Donau. 24. april 1877 erklærte Russland krig mot Det osmanske riket og troppane gjekk inn i Romania.

Den rumenske sjølvstendekrigen (1877–1878)

Omleiringa av Plevna
Dato 18771878
Stad Balkan
Resultat Russisk siger
Endringar i landområde Berlinkongressen
Partar
Det russiske keisardømet
Romania Dei donauske fyrstedøma
Bulgarske frivillige
Det osmanske riket (1844-1923) Det osmanske riket
Kommandantar
RomaniaCarol I Storhertug Nikolaj
Det osmanske riket (1844-1923) Ahmed Muhtar PashaDet osmanske riket (1844-1923) Ghazi Osman Pasha
Tap
Romania 10 000

Oversyn endre

21. mai 1877 erklærte Mihail Kogălniceanu i det rumenske parlamentet sjølvstende til Romania etter ønske frå det rumenske folket. Ein dag seinare vart ei lov signert av fyrst Carol I. Dagen etter avslutta styresmaktene utbetalingane av skatt til Tyrkia (914 000 lei), og summen gjekk i staden til krigsministeren.

I starten ønskte ikkje Russland å samarbeide med Romania sidan dei ikkje ville at Romania skulle delta i fredsforhandlingane etter krigen, men russarane møtte svært sterk motstand frå den tyrkiske hæren på 50 000 mann leidd av Osman Pasha ved omleiringa av Pleven (Plevna).

Storhertug Nikolaj bad då Carol I om støtte og foreslo at den rumenske hæren kunne slå seg saman med den russiske. Carol I godtok forslaget og tok sjølv kommandoen over hæren.

Rumenarane vann slaga ved Griviţa og Rahova, og 28. november 1877 kapitulerte Plevna og Osman Pasha overgav byen, garnisonen og sverdet sitt til den rumenske obersten Mihail Cerchez. Etter at Plevna var inntatt returnerte den rumenske hæren til Donau og vann slaga ved Vidin og Smârdan (i dag landsbyen Inovo i Vidin). 19. januar 1878 bad Det osmanske riket om våpenkvile, som vart akseptert av Romania og Russland. Romania vann krigen, men tapte om lag 10 000 mann. Sjølvstende vart anerkjend av Sentralmaktene 13. juli 1878.

Etterverknad endre

 
Osmanske tap på Balkan etter Krimkrigen, av J.G. Bartholomew, 1912
Independenţa României (1912 film)
 
Smârdanslaget av Nicolae Grigorescu

Fredsavtalen mellom Russland og Det osmanske riket vart signert i San Stefano 3. mars 1878. Russland heldt ikkje avtalane i traktaten frå 4. april 1877 om å respektere landegrensene til Romania, men avtalen vart ikkje anerkjend av Sentralmaktene og etter fredsforhandlingane i Berlin i 1878 vart det avgjort at Russland skulle gje Romania sjølvstendet sitt. Områda Dobrogea, Danubedelta og Slangeøya (Insula Şerpilor) skulle overførast til Romania, men Russland okkuperte den sørlege delen av Bessarabia (Cahul, Bolgrad og Ismail), som etter Paristraktaten i 1856 etter Krimkrigen vart inkludert i Moldavia.

Sjå òg endre

Kjelder endre