Den russisk-svenske krigen 1788-1790

Den russisk-svenske krigen 1788–1790, kjend som Gustav IIIs russiske krig i Sverige, Gustav IIIs krig i Finland og Katarina IIs svenske krig i Russland, vart utkjempa mellom Sverige og Russland frå juni 1788 til august 1790.

Russisk-svenske krigar
Den russisk-svenske krigen 1788-1790
*Hogland

Bakgrunn endre

Konflikten vart starta av kong Gustav III av Sverige av politiske årsaker i heimlandet, sidan han trudde at ein kort krig ville gjere at motstandarane hans ikkje kunne gjere anna enn å støtte han. Sjølv om han etablerte seg sjølv som ein eineveldig herskar i eit blodlaust statskupp som enda parlamentsstyret i 1772, hadde han ikkje den politiske makta som gav han rett tilå starte ein krig.

Dei vestlege maktene, som Storbritannia, Nederland og Preussen, engsta seg over ei rekkje russiske sigrar i den russisk-tyrkiske krigen 1787–1792 og dreiv lobbyverksemd for å få i gang ein krig i nord, som ville avleie merksemda til Katarina II av Russland frå den sørlege krigsskodeplassen. Det var opphissinga deira som førte til at Gustav gjekk inn i ein allianse med Det osmanske riket sommaren 1788.

I 1788 fekk sjefsskreddaren ved Den kongelege svenske operaen ordre om å sy mange russiske militæruniformar som seinare skulle nyttast i ei skotveksling i Puumala, ein svensk utpost på grensa til Russland, den 27. juni 1788. Det scenesette åtaket, som førte til raseri i Stockholm, var for å overbevise Ståndsriksdagen og gje Gustav ei årsak til å erklære ein «forsvarskrig» mot Russland.

Før den store opninga av Riksdagen i 1789, hadde kong Gustav III bestilt Riksdagsmusiken. Parlamentet valde så å skipe Riksgäldskontoret for å få inn midlar til krigen. Dette medførte til inflasjon for den svenske riksdalaren.

Krigen endre

 
Måleri av slaget ved Hogland.

Svenskane hadde opphavleg planlagt eit åtak frå sjøen mot St. Petersburg. Ein svensk arme suklle rykke gjennom Finland, ein annan arme, i lag med ein svensk kystflotilje, skulle rykke fram langs finskekysten og inn i Finskebukta, medan ein tredje arme skulle segla med den svenske kampflåten for å gå i land ved Oranienbaum og så rykke fram mot St. Petersburg.

Austersjøflåten til russarane under Samuel Greig møtte den svenske flåten utanfor øya Hogland i Finskebukta den 17. juli 1788 i slaget ved Hogland. Slaget vart taktisk uavgjort, men hindra svenskane frå å gå i land. Krigen var særs upopulær i Sverige og dei finske offiserane gjorde mytteri. Meldingane om nederlaget ved Hogland førte til opprør hos mang av dei adelege offiserane i hæren, kjend som Anjalaforbundet.

Det svenske åtaket på Russland fekk Danmark-Noreg til å erklære krig mot Sverige i august som følgje av avtalar med Russland. Ein norsk arme invaderte ei kort stund Sverige og vann slaget ved Kvistrum bru, før det vart signert ein fredsavtale den 9. juli 1789 etter ein diplomatisk mellomkomst frå Storbritannia og Preussen. Med presse frå desse erklærte Danmark-Noreg seg nøytrale i konflikten, og førte tyttebærkrigen til ein slutt.

Til sjøs møttest dei to kampflåtane igjen i slaget ved Öland den 25. juli 1789, som enda uavgjort. Ein månad seinare, den 24. august, slo den russiske viseadmiralen Nassau-Siegen svenskane i eit avgjerande slag i det første slaget ved Svensksund. Den russiske sigeren var kortvarig, sidan Gustav Wachtmeister leia svenskane til siger i slaget ved Valkeala.

 
Bilete frå slaget ved Krasnaja Gorka, nær Kronstadt.

I 1790 fornya kong Gustav planen om å gå i land nær St. Petersburg, denne gongen nær Viborg. Men planen gjekk i vasken i eit katastrofalt åtak på den russiske flåten i slaget ved Reval den 13. mai. Eit nytt åtak på den russiske flåten utanfor Kronstadt i byrjinga av juni slo òg feil og den svenske kampflåten og galeiflotiljen måtte begge trekkje seg attende til Viborgbukta, der den samla svenske flåten på 400 fartøy vart blokkert av Austersjøflåten til Vasilij Tsjicsjagov ein heil månad. Den 3. juli tvinga svenskane seg ut i det dyrekjøpte slaget ved Viborgbukta. Svenskane tapte sju linjeskip og tre fregattar.

Den svenske kampflåten trekte seg attende til Sveaborg for å gjere reparasjonar medan den svenske galeiflotiljen sette opp ei sterk forsvarsstilling ved Svensksund. Eit kraftig russisk åtak på den svenske galeiflotijlen den 9. juli i det andre slaget ved Svensksund vart ein katastrofe for russarane som tapte om lag 9 500 av 14 000 mann og om lag ein tredjedel av flotiljen. Det vart den største sigeren Sverige nokon gong oppnådde til sjøs og bana veg for fred.

Den russiske visekanslaren Bezborodko gjekk med på forhandlingar, og krigen enda med freden i Värälä den 14. august.

Etterverknad endre

Den russisk-svenske krigen 1788–1790 var i hovudsak uviktig for alle partar som var involvert. Katarina II rekna krigen mot det svenske syskenbarnet for ein mindre distraksjon, sidan alle soldatane hennar på land var opptekne i krigen mot Tyrkia, og ho var like eins uroa over opprøra som skjedde i Polen og i Frankrike.

Krigen løyste problema Gustav III hadde i heimlandet ei kort stund, før han vart snikmyrda i operaen i Stockholm i 1792. Etter nederlaget i den finske krigen og freden i Fredrikshamn i 1809, der Sverige avstod Finland til Russland, gjekk Sverige gjennom store reformer.

Kjelder endre