Den sentralasiatiske unionen

Den sentralasiatiske unionen vart føreslått av den kasakhstanske presidenten Nursultan Nazarbayev 26. april 2007, for å skape ein økonomisk og politisk union, slik som Den europeiske unionen (EU), mellom fem av dei tidlegare sovjetiske sentralasiatiske republikkane Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan.

Sjølv om den føreslåtte unionen har støtte frå presidentane i Kasakhstan, Kirgisistan og Tadsjikistan, vart han regelrett avvist av den usbekistanske presidenten Islam Karimov.

Potensielle medlemsland endre

Land Areal (km²) Folketal Hovudstad Valuta
  Kasakhstan 2 724 900 15 522 373 Astana Tenge
  Kirgisistan 199 951 5 587 443 Bisjkek Kirgisisk som
  Usbekistan 447 400 28 128 600 Tasjkent so`m
  Tadsjikistan 143 100 7 627 200 Dusjanbe Somoni
  Turkmenistan 488 100 4 997 503 Asjkhabad Turkmensk manat
Totalt 4 003 451 61 863 199

Kjelder endre