Den tredje franske republikken

Den tredje republikken i Frankrike (fransk La Troisième Republique, ofte stava La 3ème Republique) varte frå 1870/75 til 10. juli 1940 og er ei nemning på det franske styresettet og i vidare tyding tidsrommet i fransk historie mellom det andre franske keisardømet og Den fjerde republikken. Det var eit republikansk parlamentarisk demokrati som kom til den 4. september 1870 etter at keisar Napoleon III måtte gå frå makta i samband med den fransk-prøyssiske krigen.


Artikkelen er ein del av serien
Fransk historie

Den tredje franske republikken vart oppløyst i samband med andre verdskrigen og opprettinga av Vichy-regimet under leiing av Philippe Pétain den 10. juli 1940.

Det politiske livet i løpet av den tredje republikken var prega av svake koalisjonar og mange skifte av regjering. I tillegg bidrog Dreyfus-affæren til mange konfliktar.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.