Den vesle hunden (frå latin Canis minor) er eit stjernebilde på både den nordlege og den sørlege himmelhalvkula. Stjernebiletet er eit av 48 stjernebilete som Klaudios Ptolemaios førte opp på 100-talet evt, og vert i dag rekna blant dei 88 moderne stjernebileta. Både Den vesle og Den store hunden, følgjer stjernebiletet Orion, jegeren.

Den vesle hunden
Den vesle hunden
Den vesle hunden
Latinsk namn Canis minor
Forkorting CMi
Genitivsform Canis Minoris
Symbologi Frå romarane
Rektasensjon 8 h
Deklinasjon +5°
Areal 183 kvadratgrader
nr. 71 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
2
Sterkaste stjerne Procyon (α CMi) (0,38. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +85° og −75°

Den vesle hunden har berre to stjerner som er lysare enn fjerde storleiksklasse, Procyon (Alfa Canis Minoris), med ein storleiksklasse på 0,34, og Gomeisa (Beta Canis Minoris), med ein storleiksklasse på 2,9. Dei meir lyssvake stjernene i stjernebiletet vart noterte ned av Johann Bayer, som namngav åtte stjerner, inkludert Alfa og Beta, og John Flamsteed, som førte opp fjorten. numbered fourteen. Procyon er den sjuande lysaste stjerna på nattehimmelen, og ei av dei mest nærliggande. Ho er ei gulkvit hovudseriestjerne og har ein kvit dverg som følgjestjerne. Gomeisa er ei blåkvit hovudseriestjerne. Luyten-sjerna er ein raud dverg med niande storleiksklasse, og er den nest nærmaste stjerna til solsystemet i stjernebiletet etter Procyon. HD 66141 har fjerde storleiksklasse som har utvikla seg til ei oransje kjempe mot slutten av livssyklusen sin, som vart oppdaga å ha ein planet i 2012. Det er to svake djupromsobjekt innafor grensene til stjernebiletet. 11 Canis-Minoridane er ein meteorsverm ein kan sjå tidleg i desember.

Eigenskapar endre

Stjernebiltet ligg like sør for dei lyse stjernene i Tvillingane, Castor og Pollux,[1] Den vesle hunden er eit lite stjernebilete som grensar til Einhyrningen i sør, Tvillingane i nord, Krepsen i nordaust, og Vasslangen i aust. Det grensar ikkje til Den store hunden og Einhyrningen ligg mellom dei to. Det dekkjer 183 kvadratgrader og er det 71. av dei 88 stjernebileta ut frå storleik. Det ligg hovudsakleg sør på himmelen når det er vinter på den nordlege halvkula.[2] Grensene til stjernebiletet vart definert av Eugène Delporte i 1930, som ein polygon med 14 sider.[3] Det er mest synleg på kveldshimmelen frå januar til mars,[4] og er mest markant kl. 22 i midten av Februar.[5] Det er så synleg tidlegare på kvelden fram til juli, då han berre er synleg etter solnedgang, før det sjølv går under horisonten, og stig på morgonhimmelen før morgongry.[6] Den tre bokstav lange forkortinga til stjernebiletet som vert nytta av International Astronomical Union sidan 1922, er «CMi».[7]

Kjende objekt endre

Stjerner endre

 
Stjernebiletet Den vesle hunden, slik det er for det nakne auga.

Den vesle hunden har berre to stjerner som er lysare enn fjerde storleiksklasse. Med ein storleiksklasse på 0,34,[8] er Procyon, eller Alfa Canis Minoris, den sjuande mest lyssterke stjerna på nattehimmelen, og ein av dei næraste. Namnet tyder «før hunden» på gresk, sidan han stig opp ein time før «Hundestjerna», Sirius, i Den store hunden. Ho er ei dobbeltstjerne som består av ei gulkvit hovudseriestjerne[9] med spektralklasse F5 IV-V, namngjeve Procyon A, og ein svak kvit dverg med spektralklasse DA, kalla Procyon B. Procyon B, som krinsar rundt den meir massive stjerna med ein periode på 41 år, har storleiksklasse 10,7.[9] Procyon A er 1,4 gonger solmassen, meden den mindre følgjestjerna er 0,6 gonger så massiv som sola.[10] Systemet ligg 11,4 lysår frå jorda, den næraste av stjerner på den nordlege halvkula med første storleiksklasse.[9][11]Gomeisa, eller Beta Canis Minoris, med ein storleiksklasse på 2,89, er den nest mest lyssterke stjerna i Den vesle hunden. Ho ligg 162 lysår frå solsystemet og er ei blåkvit hovudseriestjerne med spektralklasse B8 Ve.[12] Sjølv om er svak for observatørar på jorda, er ho mykje meir lyssterk enn Procyon, og er 250 gonger så lyssterk og tre gonger så massiv som sola.[13] Sjølv om variasjonen er liten, er Gomeisa klassifisert som ein Gamma Cassiopeiae-variabel med ein største storleiksklasse på 2,84 og ein minste storleiksklasse på 2,92.[12] Ho er omgjeve av ein disk med gass som ho varmar opp og får til å avgje stråling.[13]

Johann Bayer nytta dei greske bokstavane Alfa til Eta for å markere dei åtte mest markante stjernene i stjernebiletet, og to av stjernene fekk namna Delta (Delta1 og Delta2).[14] John Flamsteed namngav fjorten stjerner, og fann ei tredje stjerne han kalla Delta3.[15] Stjerna hans 12 Canis Minoris vart ikkje funnen seinare.[16] I verket til Bayer frå 1603, Uranometria, ligg Procyon på magen til hunden og Gomeisa på nakken.[17] Gamma, Epsilon og Eta Canis Minoris ligg i nærleiken,[18] og markerer høvesvis nakken, issen og brystet til hunden.[17] Sjølv om han har ein tilsynelatande storleiksklasse på 4,34, er Gamma Canis Minoris ei oransje klasse K kjempe med spektralklasse K3-III C, som ligg 318 lysår unna.[19] Fargane er godt synlege sett gjennom ein kikkert.[18] Ho er eit multippelt system som består av den spektroskopisk dobbeltstjerne Gamma A og tre optiske følgjestjerner, Gamma B med storleiksklasse 13; Gamma C med storleiksklasse 12 og Gamma D med storleiksklasse 10. Dei to komponentane i Gamma A går i bane kvar sin veg med ein periode på 389,2 dagar, med ein eksentrisk bane som passerer kvarandre mellom 2,3 og 1,4 astronomiske einingar (AU).[20] Epsilon Canis Minoris er ei gul lys kjempe med spektralklasse G6.5IIb og storleiksklasse på 4,99.[21] Ho ligg 988 til 1196 lysår frå jorda, med 13 gonger diameteren og 750 gonger luminositeten til sola.[22] Eta Canis Minoris er ei kjempe med spektralklasse F0III og storleiksklasse 5,24,[23] med ein gulaktig farge sett gjennom ein kikkert og ei svak følgjestjerne med storleiksklasse 11,1.[2][24] Følgjestjerna ligg 4 bogesekund frå hovudstjerna, ein avstand på kring 440 AU og har ei omlaupstid på 5000 år.[25]

Nær Procyon ligg dei tre stjernene som har namnet Delta Canis Minoris. Delta1 er ei gulkvit klasse F kjempe med storleiksklasse 5,25 og ligg kring 790 lysår frå jorda. Ho er kring 360 gonger så lyssterk og 3,75 gonger så massiv som sola, og utvidar seg og vert avkjølt etter kvart som ho eldast. Ho har det meste av livet vore ei hovudseriestjerne med spektrum B6V.[25] Delta2 vert òg kalla 8 Canis Minoris og er ei klasse F hovudseriestjerne med spektralklasse F2V og storleiksklasse 5,59, som ligg 136 {{convert|136 lysår unna.[26] Den siste i trioen, Delta3 (òg kalla 9 Canis Minoris), er ei kvit hovudseriestjerne med spektralklasse A0Vnn og storleiksklasse 5,83 som ligg 680 lysår unna.[27] Desse stjernene markerer poten til den venstre bakfoten til Den vesle hunden, medan Zeta med storleiksklasse 5,13 markerer den høgre.[17][28] A blue-white lys kjempe med spektralklasse B8II, Zeta lies around {{convert|623 lysår away from the solsystemet.[28]

HD 66141 ligg kring 264 lysår (81 parsec) unna med ein tilsynelatande storleiksklasse på 4,39,[29] og er 6,8 milliardar år gammal. Ho har utvikla seg til ei oransje kjempe med spektralklasse K2III og ein diameter kring 22 gonger sola sin og ein masse på 1,1 solmassar. Ho er 174 gonger så lyssterk som sola, med ein absolutt storleiksklasse på −0,15.[30] HD 66141 vart feilaktig kalla 13 Puppis, sidan himmelkoordinatane vart feilaktig nedteikna då ho vart katalogisert og ein trudde at ho høyrte til stjernebiletet Akterstamnen. Bode gav ho namnet Lambda Canis Minoris, som ikkje lenger er i bruk.[31] Den oransje kjempa har ein planet i bane, HD 66141b, som vart oppdaga i 2012 ved å måle radialfarten til stjerna. Planeten har ein masse som er kring seks gonger så stor som Jupiter og ein omlaupstid på 480 dagar.[29]

Ei raud kjempe med spektralklasse M4III, BC Canis Minoris ligg kring 500 lysår unna solsystemet.[32] Ho er ei halvregulær variabel stjerne som varierer mellom ein største storleiksklasse på 6,14 og ein minste storleiksklasse på 6,42.[33] Periodar på 27,7, 143,3 og 208,3 dagar er registert i pulseringane.[32] AZ, AD og BI Canis Minoris er Delta Scuti variable - med korte pulseringar (seks timar på det meste) som har blitt nytta som standardlyskjelde og som emne i studiet astroseismologi.[34] AZ er med spektralklasse F0III,[35] og varierer mellom storleiksklassane 6,44 og 6,51 over ein periode på 2,3 timar.[36] AD har ein spektralklasse på F2III,[37] og ein største storleiksklasse på 9,21 og ein minste på 9,51, med ein periode på kring 2,95 timar.[38] BI har spektralklasse F2, ein tilsynelatande storleiksklasse varying around 9.19[39] og ein periode på kring 2,91 timar.[40]

Minstre raude kjemper er Mira-variable i Den vesle hunden. S Canis Minoris er med spektralklasse M7e,[41] den mest lyssterke, og ein storleiksklasse som varierer frå 6,6 til 13,2 over ein periode på 332,94 dagar.[2][42] V Canis Minoris varierer i storleiksklasse frå 7,4 til 15,1 over ein periode på 366,1 dagar. R Canis Minoris har ein liknande storleiksklasse som er 7,3 på det meste, men eit langt høgare minimum på 11,6. Ho er ei klasse S-stjerne med ein periode på 337,8 dagar.[43]

YZ Canis Minoris er ein raud dverg med spektralklasse M4,5V og storleiksklasse 11,2,[44] som er kring tre gonger så stor som Jupiter og ligg 20 lysår frå jorda. Ho er ei flarestjerne, som stråler ut uføreseielege utbrot av energi i minuttar om gangen, som kan vere liknande, men kraftigare enn solstormar.[45] Luyten-stjerna (GJ 273) er ei raud dvergstjerne med spektralklasse M3.5V og ein nær nabo til solsystemet. Med ein visuell storleiksklasse på 9,9 er ho for svak til at ein kan sjå ho med det blotte auga,[46] men ligg berre 12,39 lysår unna.[47] Enno svakare er PSS 544-7, ein raud dverg med 18. storleiksklasse og kring 20% av massen til sola. Ho ligg 685 lysår frå jorda. Ho vart først oppdaga i 1991 og ein trur ho er ei kanonkulestjerne, skoten ut frå ein stjernehop og som no flyttar seg raskt gjennom rommet, rett bort frå den galaktisk disken.[48]

WZ Sagittae-type dvergnova DY CMi (òg kalla VSX J074727.6+065050) blussa opp til storleiksklasse 11,4 i januar og februar 2008 før ho falt åtte storleiksklassar til kring 19,5 i løpet av kring 80 dagar. Ho er ei fjerntliggande dobbeltstjerne med ein kvit dverg og ei stjerne med låg masse som krinsar kring kvarandre nær nok til at den tidlegare stjerna deg materiale frå den sistnemnde og dannar ei akkresjonsskive. Dette materiale byggjer seg opp fram til det blir slengd ut på dramatisk vis.[49]

Djupromsobjekt endre

Mjølkevegen passerer gjennom mykje av Den vesle hunden, men har likevel nokre djupromsobjekt.[50] William Herschel registrerte fire objekt i verket sitt Catalogue of Nebulae and Clusters of Stars frå 1786, inkludert to han feilaktig trudde var stjernehopar.[51] NGC 2459 er ei gruppe på fem stjerner av 13. og 14. storleiksklasse som verkar å ligge nær kvarandre på himmelen, men som ikkje er knytte til kvarandre.[52] Ein liknande situasjon har skjedd med NGC 2394, som òg ligg i Den vesle hunden.[53] Dette er ei samling av femten stjerner frå 9. storleiksklasse eller mindre og er heller ikkje knytte til kvarandre.[51]

Herschel observerte òg tre svake galaksar, to som er vekselverkande med kvarandre.[51] NGC 2508 er ein linseforma galakse med storleiksklasse 13, estimert til å liggje 205 million lysår (63 million parsec) unna med ein diameter på 80 tusen lysår.[54] NGC 2402 vart oppført som eit enkelt objekt av Herschel, men er i røynda eit par nærliggande galaksar som verkar å vekselverke med kvarandre. Dei har berre storleiksklasse 14 og 15 og er ein elliptisk og ein spiralgalakse som ligg kring 245 millionar lysår unna, og kvar av dei måler 55 000 lysår i diameter.[55]

Canis Minoridane endre

11 Canis-Minoridane, òg kalla Beta Canis Minoridane,[56] er ein meteorsverm som spring ut nær stjerna 11 Canis Minoris og vart oppdaga i 1964 av Keith Hindley, som undersøkte trajektoriane deira og føreslo kometen D/1917 F1 Mellish som opphavet.[57] Denne konkluasjonen er sidan avvist.[58] Svermen varer frå 4. til 15. desember og er kraftigast kring 10. og 11. desember.[59]


Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Canis Minor» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2015.
  • Wagman, Morton (2003). Lost Stars: Lost, Missing and Troublesome Stars from the Catalogues of Johannes Bayer, Nicholas Louis de Lacaille, John Flamsteed, and Sundry Others. Blacksburg, VA: The McDonald & Woodward Publishing Company. ISBN 978-0-939923-78-6. 
  1. Newell, W.J. (1970) [1965]. The Australian Sky. Brisbane, Queensland: Jacaranda Press. s. 53. ISBN 0-7016-0037-3. OCLC 7053675.  (invalid isbn)
  2. 2,0 2,1 2,2 Garfinkle, Robert A. (1997). Star-hopping: Your Visa to Viewing the Universe. Cambridge, England: Cambridge University Press. s. 78–81. ISBN 978-0-521-59889-7. 
  3. «Canis Minor, Constellation Boundary». The Constellations (International Astronomical Union). Henta 21. august 2015. [daud lenkje]
  4. Ellyard, David; Tirion, Wil (2008) [1993]. The Southern Sky Guide (3rd utg.). Port Melbourne, Victoria: Cambridge University Press. s. 4. ISBN 978-0-521-71405-1. 
  5. Ridpath, Ian; Tirion, Wil. The Monthly Sky Guide (7th utg.). Cambridge, England: Cambridge University Press. s. 21–22. ISBN 978-0-521-68435-4. 
  6. Rodmell, Paul. «Den store hunden and Canis Minor, 2 Constellations for February». Royal Astronomical Society of New Zealand. Arkivert frå originalen 14. januar 2013. Henta 21. august 2015. 
  7. Russell, Henry Norris (1922). «The New International Symbols for the Constellations». Popular Astronomy 30: 469–71. Bibcode:1922PA.....30..469R. 
  8. «Procyon AB – Spectroscopic Binary». SIMBAD. Henta 8 January 2013. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Ridpath, Ian; Tirion, Wil (2001). Stars and Planets Guide. Princeton, New Jersey: Princeton University Press. s. 100–01. ISBN 978-0-691-08913-3. 
  10. Gatewood, George; Han, Inwoo (2006). «An Astrometric Study of Procyon». Astronomical Journal 131 (2): 1015–21. Bibcode:2006AJ....131.1015G. doi:10.1086/498894. 
  11. Kaler, James B. (2006). The Cambridge Encyclopedia of Stars. Cambridge, England: Cambridge University Press. s. 63. ISBN 978-0-521-81803-2. 
  12. 12,0 12,1 «Bet CMi». International Variable Star Index. American Association of Variable Star Observers. 4 January 2010. Henta 21. august 2015. 
  13. 13,0 13,1 Kaler, Jim. «Gomeisa (Beta Canis Minoris)». Stars (University of Illinois). Henta 21. august 2015. 
  14. Wagman 2003, s. 76–77.
  15. Wagman 2003, s. 77.
  16. Wagman 2003, s. 369.
  17. 17,0 17,1 17,2 Wagman 2003, s. 504.
  18. 18,0 18,1 Kambič, Bojan (2009). Viewing the Constellations with Binoculars: 250+ Wonderful Sky Objects to See and Explore. New York, New York: Springer. s. 32. ISBN 978-0-387-85354-3. 
  19. «Gamma Canis Minoris». SIMBAD. Henta 21. august 2015. 
  20. Kaler, Jim (19 March 2010). «Gamma Canis Minoris». Star of the Week. Henta 29 January 2013. 
  21. «Epsilon Canis Minoris». SIMBAD. Henta 21. august 2015. 
  22. Bagnall, Philip M. (2012). The Star Atlas Companion: What You Need to Know about the Constellations. New York, New York: Springer. s. 108–12. ISBN 1-4614-0830-X. 
  23. «Eta Canis Minoris». SIMBAD. Henta 21. august 2015. 
  24. David Malin, David J. Frew (1995). Hartung's Astronomical Objects for Southern Telescopes: A Handbook for Amateur Observers. Cambridge, England: Cambridge University Press. s. 184. ISBN 978-0-521-55491-6. 
  25. 25,0 25,1 Kaler, Jim. «Eta and Delta-1 CMi». Stars. University of Illinois. Henta 22 August 2012. 
  26. «8 Canis Minoris». SIMBAD. Henta 21. august 2015. 
  27. «9 Canis Minoris». SIMBAD. Henta 21. august 2015. 
  28. 28,0 28,1 «Zeta Canis Minoris». SIMBAD. Henta 21. august 2015. 
  29. 29,0 29,1 Zolotukhin, Ivan (2012). «Planet HD 66141 b». Exoplanet.eu. Paris Observatory. Henta 21 desember 2012. 
  30. Lee, B.-C.; Mkrtichian, D. E.; Han, I.; Park, M.-G.; Kim, K.-M. (2012). «Detection of an Exoplanet Around the Evolved K Giant HD 66141». Astronomy & Astrophysics 548: A118. Bibcode:2012A&A...548A.118L. arXiv:1211.2054. doi:10.1051/0004-6361/201118014. 
  31. Wagman 2003, s. 460.
  32. 32,0 32,1 Tabur, V.; Bedding, T. R.; Kiss, L. L.; Moon, T. T.; Szeidl, B.; Kjeldsen, H. (2009). «Long-term Photometry and Periods for 261 Nearby Pulsating M Giants». Monthly Notices of the Royal Astronomical Society 400 (4): 1945–61. Bibcode:2009MNRAS.400.1945T. arXiv:0908.3228. doi:10.1111/j.1365-2966.2009.15588.x. 
  33. «BC CMi». International Variable Star Index. American Association of Variable Star Observers. 25 August 2009. Henta 21. august 2015. 
  34. Templeton, Matthew (16 July 2010). «Delta Scuti and the Delta Scuti Variables». Variable Star of the Season. AAVSO (American Association of Variable Star Observers). Henta 21. august 2015. 
  35. «V* AZ Canis Minoris – Variable of Delta Scuti type». SIMBAD. Henta 21. august 2015. 
  36. «AZ CMi». International Variable Star Index. AAVSO. 4 January 2010. Henta 21. august 2015. 
  37. «V* AD Canis Minoris – Variable of Delta Scuti type». SIMBAD. Henta 21. august 2015. 
  38. «AD Canis Minoris». International Variable Star Index. AAVSO. 4 January 2010. Henta 21. august 2015. 
  39. «V* BI Canis Minoris – Variable of Delta Scuti type». SIMBAD. Henta 21. august 2015. 
  40. «BI Canis Minoris». International Variable Star Index. AAVSO. 2 February 2011. Henta 21. august 2015. 
  41. «S Canis Minoris». SIMBAD. Henta 27 August 2012. 
  42. «S CMi». International Variable Star Index. AAVSO. 4 January 2010. Henta 21. august 2015. 
  43. Moore, Patrick; Rees, Robin (2011). Patrick Moore's Data Book of Astronomy. Cambridge University Press. s. 396. ISBN 978-0-521-89935-2. 
  44. «V* YZ Canis Minoris – Variable of BY Draconis Type». SIMBAD. Henta 21. august 2015. 
  45. Information, Reed Business (4 February 1982). «First Flares on a Distant Star». New Scientist: 305. 
  46. «The One Hundred Nearest Stars». Atlanta, Georgia: Georgia State University Astronomy. 1 January 2012. Henta 21. august 2015. 
  47. «LHS 33 – High Proper-motion Star». SIMBAD. Henta 5 October 2012. 
  48. de La Fuente Marcos, R.; de La Fuente Marcos, C., R.; De La Fuente Marcos, C. (2005). «A Cannonball Star Candidate in Canis Minor». New Astronomy 10 (7): 551–59. Bibcode:2005NewA...10..551D. doi:10.1016/j.newast.2005.04.001. 
  49. Shears, Jeremy; Brady, Steve; Bolt, Greg; Campbell, Tut; Collins, Donald F.; Cook, Lewis M.; Crawford, Timothy R.; Koff, Robert; Krajci, Tom; McCormick, Jennie; Nelson, Peter; Patterson, Joseph; Ponthière, Pierre de; Potter, Mike; Rea, Robert; Roberts, George; Sabo, Richard; Staels, Bart; Vanmunster, Tonny (2009). «VSX J074727.6+065050: A New WZ Sagittae Star in Canis Minor» (PDF). Journal of the British Astronomical Association 119 (6): 340–46. Bibcode:2009JBAA..119..340S. arXiv:0905.0061. 
  50. Inglis, Mike (2004). Astronomy of the Milky Way: Observer's Guide to the Southern Sky. New York, New York: Springer. s. 20. ISBN 1-85233-742-7. 
  51. 51,0 51,1 51,2 Bratton, Mark (2011). The Complete Guide to the Herschel Objects: Sir William Herschel's Star Clusters, Nebulae and Galaxies. Cambridge, England: Cambridge University Press. s. 134. ISBN 978-0-521-76892-4. 
  52. Seligman, Courtney. «NGC Objects: NGC 2450 – 2499». Celestial Atlas. Henta 21. august 2015. 
  53. Seligman, Courtney. «NGC Objects: NGC 2350 – 2399». Celestial Atlas. Henta 21. august 2015. 
  54. Seligman, Courtney. «NGC Objects: NGC 2500 – 2549». Celestial Atlas. Henta 21. august 2015. 
  55. Seligman, Courtney. «NGC Objects: NGC 2400 – 2449». Celestial Atlas. Henta 21. august 2015. 
  56. Jenniskens, Peter (2006). Meteor Showers and Their Parent Comets. Cambridge University Press. s. 200, 769. ISBN 978-0-521-85349-1. 
  57. doi:10.1038/2251232a0
  58. Vereš, P.; Kornoš, L.; Tóth, J. (28 October 2010). «Meteor Showers of Comet C/1917 F1 Mellish». Monthly Notices of the Royal Astronomical Society. arXiv:1010.5733. 
  59. Levy, David H. (2007). David Levy's Guide to Observing Meteor Showers. Cambridge, England: Cambridge University Press. s. 122. ISBN 978-0-521-69691-3. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den vesle hunden

Koordinatar:   08h 00m 00s, +05° 00′ 00″