Deng Xiaoping (22. august 190419. februar 1997) var ein kinesisk kommunistisk politikar frå landsbyen Paifang i Guang'an i austre Sichuan. Han var Kina sin de facto leiar frå 1978, to år etter Mao Zedong var død, til sin eigen død i 1997. Han blir sedd på som det post-maoistiske, reformvenlegare og opnare Kina sin arkitekt.[1] Hans politiske idéar, kalla Deng Xiaoping-teori, er i dag innskrivne i den kinesiske grunnlova saman med marxisme-leninisme-Mao Zedong-tenking og Den viktige tanken om dei tre representasjonane.

Deng Xiaoping

Fødd22. august 1904
Guanganzhou
Død19. februar 1997 (92 år)
Statsborgar avQing, Republikken Kina, Folkerepublikken Kina
PartiKinas kommunistparti (juli 1924; 19. februar 1997), Kuomintang (april 1924; 1927)
Yrkepolitikar, journalist, diplomat
Utdanna vedSun Yat-sen-universitetet i Moskva
Kommunistisk universitet for Østens arbeidere
EktefelleZhang Xiyuan, Jin Weiying, Zhuo Lin
BarnDeng Pufang, Deng Nan, Deng Rong, Deng Zhifang
Alle verv
  • paramount leader of the People's Republic of China
  • Chairman of the Central Military Commission of the Chinese Communist Party
  • Chairman of the National Committee of the Chinese People's Political Consultative Conference
  • Chairman of Central Military Commission of People's Republic of China
  • Vice Premier of the State Council of the People's Republic of China
  • medlem av politbyråets stående komité til Kinas kommunistparti (1956–1967)
  • medlem av politbyråets stående komité til Kinas kommunistparti (1975–1976)
  • medlem av politbyråets stående komité til Kinas kommunistparti (1977–1987) Sjå dette på Wikidata

Politisk karriere endre

Deng hadde enorm pondus i kommunistpartiet, då han blei medlem alt i 1924, og var ein helt under den lange marsjen og krigen mot Japan pluss borgarkrigen, der han gjorde framifrå teneste både som generalsekretær i partiet og som offiser.

Karrieren hans i partiet var stormfull. Etter å ha høyrt til leiarsjiktet i heile karrieren sin til då, blei han i 1967 under kulturrevolusjonen forvist til arbeid på ein traktorfabrikk, fordi han hadde blitt for populær gjennom å motsetje seg visse av Mao sine mest radikale idéar.

I 1974 steig han på nytt til den absolutte toppen etter at Mao hadde blitt sjuk, for så i byrjinga av 1976 å bli tvinga til å seie frå seg alle posisjonar i partiet etter press frå motpolen, «Firarbanden».

Etter at «Firarbanden» hadde blitt arrestert, kunne Deng atter stige inn på politikk-arenaen, og han hadde no den erfaringa og den respekten som måtte til for å utkonkurrere andre maktaspirantar.

 
Deng Xiaoping i 1979.

Gjennom å lansere «Den opne dør-politikken», fekk Deng raskt fart på kinesisk økonomi, men då han nekta å gjere politiske endringar oppstod det problem. Deng blir sedd som den som ber det største ansvaret for massakren på den himmelske freds plass i 1989. Same året gjekk han av frå den høgste stillinga si i partiet, for så i 1992 frivillig å trekkje seg tilbake frå politikken i det heile. Han blir likevel sagt å ha hatt stor politisk innverknad fram til han døydde i 1997.[2]

Kjelder endre

  1. «Deng Xiaoping» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 18. desember 2023. 
  2. Clausen, Søren; Nedergaard, Peter: Deng Xiaoping i Den Store Danske på lex.dk. Henta 18. desember 2023.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Deng Xiaoping