Departementet Cher

franske departement
For elva med same namn, sjå elva Cher
Cher
Våpenskjoldet til Cher
Plassering
Plasseringa til Cher i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 18
Region: Centre
Préfecture: Bourges
Sous-préfectures: Saint-Amand-Montrond
Vierzon
Arrondissement: 3
Kantonar: 35
Kommunar: 290
Président du conseil général: Alain Rafesthain
Statistikk
Folketal Rangering 70.
 -1999 314 428
Folketettleik: 43/km²
Landareal¹: 7 235 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Cher er eit departementet sentralt i Frankrike. Departementet ligg i regionen Centre og er kalla opp etter elva med same namn.

Historie endre

Cher er ein av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Berry.

Geografi endre

Departementet er i dag ein del av regionen Centre, og grensar til departementa Indre, Loir-et-Cher, Loiret, Nièvre, Allier og Creuse.

Demografi endre

Innbyggjarane i departementet vert kalla Berrichons etter den tidlegare provinsen Berry.

Turisme endre

Domkyrkja St. Étienne i Bourges er ein av dei største turistattraksjonane i departementet.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Departementet Cher