Departementet Gard

franske departement
For elva med same namn, sjå Gardon
Gard
Våpenskjoldet til Gard
Plassering
Plasseringa til Gard i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 30
Region: Occitanie
Préfecture: Nîmes
Sous-préfectures: Alès
Le Vigan
Arrondissement: 3
Kantonar: 46
Kommunar: 353
Président du conseil général: Didier Lauga
Statistikk
Folketal Rangering 34.
 -1999 623 125
Folketettleik: 106/km²
Landareal¹: 5 853 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Gard er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Occitanie, og er kalla opp etter elva med same namn.

Historie endre

Gard er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Languedoc.

Gard-området vart busett av romarane i antikken. Romarvegen Via Domitia mellom Italia og Spania vart bygd gjennom departementet i 118 fvt.

Geografi endre

Departementet er i dag ein del av regionen Languedoc-Roussillon og grensar til departementa Hérault, Lozère, Aveyron, Bouches-du-Rhône, Vaucluse og Ardèche.

Det høgaste punktet i departementet er Mont Aigoual.

Dei siste åra har departementet vorte råka av alvorlege flaumar.

Demografi endre

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Gardois.

Turisme endre

Gard inneheld delar av nasjonalparken Parc National des Cévennes.

Det finst fleire restar av romersk arktitektur i Nîmes, i tillegg til den romerske akvedukten Pont du Gard.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Departementet Gard