Der-Chantecoqsjøen

Der-Chantecoqsjøen (fransk Lac du Der-Chantecoq) er ein innsjø i nordaustlege delar av Frankrike i kommunen Saint-Dizier i Marne og Haute-Marne. Han er den største kunstige innsjøen i Europa med eit areal på 48 km² og 350 millionar kubikkmeter vatn.

Der-Chantecoqsjøen
innsjø
Land  Frankrike
Innsjøtype Kunstig innsjø
Tilsig Marne
Utløp Marne
Areal 48 km²
Største djupn 15 m
Volum 0,35 km³
Koordinatar 48°34′57″N 4°45′33″E / 48.58250°N 4.75917°E / 48.58250; 4.75917
Byar Saint-Dizier, Vitry-le-François, Bar-le Duc
Kart
Der-Chantecoqsjøen
48°34′57″N 4°45′33″E / 48.5825°N 4.7591666666667°E / 48.5825; 4.7591666666667
Wikimedia Commons: Lac du Der-Chantecoq

Historie endre

Innsjøen vart danna i 1974 som eit reservoar i elva Marne, slik at ein kunne hindre at Seinen i Paris skulle flaume over. Han vert kontrollert av Institution Interdépartementale des Barrages-Réservoirs du Bassin de la Seine. Innsjøen la tre landsbyar under vatn: Chantecoq, Champaubert-aux-Bois og Nuisement-aux-Bois.

I dag er vassport ein populær aktivitet her, som segling, vasski, jetski, vindsurfing, fisking og roing, i tillegg til at området rundt er eit populært friluftsområde.

Dyrelivet er rikt og verna. Kvar vår og haust samlar det seg mange traner her.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Der-Chantecoqsjøen