53°8′N 1°36′W / 53.133°N 1.600°W / 53.133; -1.600

Derbyshire
Geografi
Status Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap
OpphavHistorisk
Region Aust-Midlands
Areal 2 625 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

1 001 500
381,5 /km²
Etnisitet 96,0 % kvite
2,3% sørasiatiske
1.7% andre
Distrikt
  1. High Peak
  2. Derbyshire Dales
  3. South Derbyshire
  4. Erewash
  5. Amber Valley
  6. North East Derbyshire
  7. Chesterfield
  8. Bolsover
  9. Derby (einskapleg)

Derbyshire er eit grevskap i Aust-Midlands i England. Ein stor del av Peak District nasjonalpark ligg i Derbyshire. Den nordlege delen av Derbyshire overlappar Penninane, ei fjell- og åskjede. Grevskapet omfattar delar av National Forest og grensar til Stor-Manchester i nordvest, West Yorkshire i nord, South Yorkshire i nordaust, Nottinghamshire i aust, Leicestershire i søraust, Staffordshire i vest og sørvest og Cheshire i vest. Derbyshire kan reknast som det geografiske midtpunktet i Storbritannia. Ein gard nær Coton in the Elms er utpeikt som den staden på øya som ligg lengst vekke frå havet.[1]

Byen Derby har i dag ei einskapleg styresmakt, men er ein del av det seremonielle grevskapet Derbyshire. Det ikkje-metropolitanske grevskapet inneheld 30 byar med 10 000 til 100 000 innbyggjarar, men grevskapet består hovudsakleg av landlege område. 75 % av innbyggjarane bur i 25 % av arealet til grevskapet. Sjølv om Derbyshire ligg i Aust-Midlands, er somme delar av grevskapet, som High Peak, nær storbyane Manchester og Sheffield i nord, og desse områda deler tenester med desse byane, som ambulanseteneste, Granada Television og United Utilities. Utanom Derby er den største byen Chesterfield.

Historie endre

Ein har funne spor etter menneske i Derbyshire frå tida før den siste istida, for om lag 200 000 år sidan.[2]. Det var òg menneske her i steinalderen etter istida.

 
Henge-monumentet i Arbor Low

Det var først i bronsealderen at det dukka opp spor etter jordbruk og faste busetnader. Under Romarriket kom romarane til Derbyshire på grunn av blymalmen i kalksteinsåsane her. Dei bygde festningar nær Brough i Hope Valley og nær Glossop. Seinare slo dei seg ned rundt Buxton, som er kjend for varmekjeldene sine.

Fleire av kongane av Mercia er gravlagde i området rundt Repton.[3]

Etter den normanniske erobringa vart mykje av grevskapet underlagt skogslovene. I nordvest vart Forest of High Peak underlagt William Peverel og etterkomarane hans. Resten av grevskapet vart gjeve til Henry de Ferrers, og ein del av det vart Duffield Frith. Etter kvart kom heile området under hertugdømet Lancaster. I mellomtida dekte Forest of East Derbyshire heile grevskapet aust for elva Derwent frå regjeringstida til Henrik II til Edvard I.[4]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. «Appleby Parva: Centre of the Country!». Arkivert frå originalen 23. november 2007. Henta 17. november 2009. 
  2. Cockerton, R. W. P. 1954 A Palaeolith from Hopton, Derbyshire Archaeological Journal 79: 153-155
  3. «Repton in Derbyshire». Derbyshire UK. 
  4. Barret, Dave. «Derbyshire County Council, East Midlands Archaeological Research Framework: Resource Assessment of Medieval Derbyshire» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 28. februar 2008. Henta 17. november 2009.