Derek «Lek» Leckenby (14. mai 19434. juni 1994)[1] var ein engelsk musikar og sologitarist, mest kjend som medlem av de engelske popgruppa Herman's Hermits.

Derek Leckenby

Fødd14. mai 1943(1943-05-14)
FødestadLeeds i England
Død4. juni 1994 (51 år)
DødsstadManchester i England
OpphavStorbritannia
Aktiv1962–94
SjangerRock, pop
InstrumentSologitar
Tilknytte artistarHerman's Hermits
Verka somMusikar

Biografi endre

Leckenby var fødd i Leeds og byrja å studere til sivilingeniørManchester University før han slutta for å bli musikar. Han spelte med Manchester-bandet The Wailers då manageren Harvey Lisberg henta han til Herman's Hermits.

Han spelte på fleire av dei tidlege hittane til bandet og skriv songar i lag med Keith Hopwood, Peter Noone og Karl Green i bandet. Han likte godt produsenten deira Mickie Most, men ikkje at Most stundom brukte andre studiomusikarar på innspelingane deira, trass i at bandet var dugande på instrumenta sine. Leckenby spelte på alle førsteplassane bandet fekk i USA og Storbritannia og spelte soloen på «I'm Henery the Eighth, I Am».

Kjelder endre

  1. Chris Welch, «Obituary: Derek Leckenby», The Independent, 9. juni 1994. Henta 28. november 2010.