Dervisj (gjennom tyrkisk frå persisk درویش darvīsh,[1] 'tiggar'[2]) er ein person som høyre til ein religiøs brorskap eller orden (tarika) innan sufi-islam.

Dervisj med løve og tiger. Måleri frå Mogulriket, ca. 1650.

«Dervisj» tyder 'fattig' på same måte som det arabiske ordet fakir. Det viser til ei audmjuk og enkel haldning i høve til Gud, ikkje nødvendigvis materiell fattigdom.[3]

Dervisj-livsstilen kan til ein viss grad samanliknas med tiggarmunkar i kristendommen og sadhuar i hinduismen, buddhismen og djainismen.[4]

Kjelder endre

  1. «Dervish - Definition and More from the FreeMerriam - Webster Dictionary». M-w.com. Henta 19. februar 2012. 
  2. Vogt, Kari (4. oktober 2015). Dervisj. Store norske leksikon. Henta 22. oktober 2018. 
  3. Persisk sufism Arkivert 2014-03-10 ved Wayback Machine. av Ashk Dahlén, fil.dr. i iranistikk ved Uppsala universitet
  4. Afroukhteh, Youness (2003) [1952]. Memories of Nine Years in 'Akká. Oxford: George Ronald. ISBN 0-85398-477-8.