Destroyer av The Kinks

Destroyer
Singel av The Kinks
frå albumet Give the People What They Want
B-side

«Back to Front»

Språk engelsk
Utgjeve 28. september 1981 (USA)
Innspelt Mai 1979 - juni 1981
Sjanger Hardrock
Lengd 3:47
Selskap Arista AS 0619
Komponist Ray Davies
Tekstforfattar Ray Davies
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
Amerikansk The Kinks-kronologi 
«You Really Got Me (live)»
(1980)
Destroyer «Better Things»
(1981)


«Destroyer» er ein song av det engelske rockebandet The Kinks, skriven av Ray Davies. Songen kom ut på albumet Give the People What They Want i august 1981 og var den første singelen frå albumet i USA. Han vart ikkje gjeven ut på singel i Storbritannia.

Songen inneheld referansar til tidlegare hittar av bandet, inkludert riffet frå «All Day and All of the Night» og tekst inspirert av «Lola» frå 1970. Som andre Kinks-songar frå denne perioden har «Destroyer» ein tung, rockebasert stil. Songen vart først spelt inn under innspelinga av Low Budget og kom til slutt ut på Give the People What They Want.[1]

«Destroyer» vart til slutt spelt inn i Power Station i New York.[2] Trommeslagaren Mick Avory meinte av den tette lyden på songen kom frå lyddynamikken i dette studioet.[2]

Utgjeving endre

Songen vart vald ut som den første singelen i USA frå albumet. I Storbritannia vart «Better Things» vald i staden. I 1982 nådde singelen tredjeplassen på Billboard Rock Top Tracks-lista og 85. plassen på Billboard Hot 100.[3]

Kjelder endre

  1. Hinman, Doug. All Day and All of the Night. s. 230. 
  2. 2,0 2,1 Berkery, Patrick. «10 Reasons to Love the Kinks’ Mick Avory». Modern Drummer. 
  3. «The Kinks US Charts». AllMusic. 

Bakgrunnsstoff endre