Det afrikanske flagget

Det afrikanske flagget brukt av Den afrikanske unionen er eit grønt flagg, med det afrikanske kontinentet i midten. Bak kontinentet er det ei stor kvit stjerne, med armar som strekkjer seg ut til alle dei 54 små stjernene som omkransar kontinentet. Det høyrer til Den afrikanske unionen (AU).

Det afrikanske flagget

Flagget vart lansert 31. januar 2010, og vart valt etter ei tevling der alle afrikanske borgarar kunne sende inn forslag, også borgarar i diaspora. Det kom inn 106 ulike forslag frå 19 afrikanske land og to frå disporaen. Vinnarforslaget vart utforma av Yadesa Bojia.

Tidlegare brukte unionen eit flagg som tok utgangspunkt i emblemet til Den afrikanske unionen.

Kjelder endre