Det albanske flagget

Det albanske nasjonalflagget har raud grunnfarge med ei svart dobbeltørn i midten. Det stammar frå våpenskjoldet til Gjergj Kastriot Skanderbeg, som leidde Albania i eit vellykka opprør mot Det osmanske riket1500-talet. Dette førte til i ein kort periode av albansk sjølvstende frå 1443 til 1478. Det noverande flagget vart innført 7. april 1992.

Albania sitt flagg. Storleikstilhøve 5:7
Albanske flagg i Tirana.

Ørna er eit albansk nasjonalsymbol. Dobbeltørna stammar frå Romarriket. Same ørn er også avbilda på det albanske riksvåpenet.

Historiske flagg endre

Tidlegare albanske statar, som det albanske kongedømmet og det kommunistiske Albania, har hatt flagg som i grunnform har vore det same. Kongedømmet førte flagget med ørna som nasjonalflagg, medan statsflagget også hadde den såkalla Skanderbeg-hjelmen som på toppen har eit geitehovud med horn.

Då landet var okkupert av Italia under andre verdskrigen fekk flagget element frå det italienske riksvåpenet. Under kommunismen vart ei raud stjerne med gult omriss plassert over ørna. Stjerna vart fjerna i 1992.

Andre flagg endre

Nasjonalflagget blir bruka på land også av statlege styresmakter og forsvaret. Til sjøs er det eit statsflagg, det vil seie i bruk av statlege fartøy. Sivile fører til sjøs eit handelsflagg som har ei svart stripe i raud duk. Orlogsflagget har den svarte dobbeltørna på kvit duk med ei raud stripe under. For skip som høyrer til reserven er stripa blå, medan skip frå kystvakta fører flagg der denne stripa er grøn.

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur

  • Album des pavillons nationaux et des marques distinctives. National flags and distinctive markings, Service hydrographique et océanographique de la marine, Brest, 2000
  • Flaggenbuch (Flg.B.). Bearbeitet und herausgegeben vom Oberkommando der Kriegsmarine, Verlag der Reichsdruckerei, Berlin, 1939

Kjelder endre

  • Complete Flags of the World, Dorling Kindersley, femte utgåve 2008.