Det aserbajdsjanske riksvåpenet

Det aserbajdsjanske riksvåpenet vart godkjent i si noverande form 1992. Den demokratiske republikken Aserbaijdsjan hadde eit liknande riksvåpen frå 1918 til oppløysinga i 1920. Våpenet er sirkulært og har ein raud flamme som sentralmotiv over eit stort sylv oktagram Rub el Hizb (۞) med gull ramme. Mellom kvar av spissane i den store stjerna er det mindre gull oktagrammar.

Det aserbajdsjanske riksvåpenet

Flammesymbolet spelar på tydinga av namnet til landet: «Landet åt den evige elden». Bakgrunnsfargane er dei same som i nasjonalflagget. Under våpenet ligg ei eikegrein og eit kveiteaks.

Våpenet åt Sovjetrepublikken endre

 
Riksvåpenet åt den sosialistiske sovjetrepublikken Aserbajdsjan

Riksvåpenet åt den sosialistiske sovjetrepublikken Aserbajdsjan vart vedteke 1937, og er forma etter mønster av det sovjetiske riksvåpenet. Det viser ein oljeboringsrigg, ein soloppgang, hammar og sigd og ei raud stjerne. Våpenet er omkransa av kveiteaks og bomullsplantar og har øvst eit band med teksten "Proletarar i alle land, samein dykk!" i russisk og aserbajdsjansk: Бүтүн өлкəлəрин пролетарлары, бирлəшин! og Bütün ölkələrin proletarları, birləşin!.

Lenger ned har bandet teksten «Den sosialistiske sovjetrepublikken Aserbajdsjan» på russisk og azeri.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Det aserbajdsjanske riksvåpenet