Det austerrikske riksvåpenet

Det austerrikske riksvåpenet har ei svart ørn med gull nebb og raud tunge, gull sigd i høgre klo, gull hammar i venstre og gull murkrone på hovudet. Brystet er dekt med eit raudt skjold med bjelke i sylv. Frå føtene heng ei sunderslite lenkje. Den noverande forma av våpenet vart godkjent 1945, men ørna har røter attende til 1100-talet, og skjoldet til 1200-talet. Murkrona erstattar frå 1918 den keisarlege krona, sigd og hammar kom istaden for septer og sverd i 1919.

Det austerrikske riksvåpenet

Sjå òg endre

Kjelde endre

«Østerrike – flagg og våpen» i Store norske leksikon, snl.no.