Det baltiske skjoldet

Det baltiske skjoldet, stundom kalla Det fennoskandiske skjoldet, er eit flatt grunnfjellsområde i Fennoskandia (Noreg, Sverige og Finland), det nordvestlege Russland og under Austersjøen. Det baltiske skjoldet består av frambrot av den nordvestlege delen av den austeuropeiske kratonen frå prekambrium. Det består hovudsakleg av gneis og grønstein frå arkeikum og proterozoikum, som er kraftig derformert på grunn av tektonisk aktivitet. Det baltiske skjoldet består av dei eldste bergartane i Europa og den litosfæriske tjukkleiken er om lag 50 km. I epoken pleistocen dekte store kontinentale iskalottar området og skurte og flata ut overflata på skjoldet, med eit tynt lag med glasialt avfall og mange innsjøar og elvar. Landhevinga av det baltiske skjoldet etter den siste istida pågår framleis.

Dei geologiske regionane i på Det baltiske skjoldet

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre