Det bhutanske flagget

Det bhutanske flagget er skrådelt gult og oransje, med ein oppstigande drake i skrålinja. Proporsjonane er 2:3.

Det bhutanske flagget.

Den safrangule fargen i flagget til Bhutan symboliserer kongen, som berar av den verdslege makta. Den oransje fargen står for buddhismen.

Bhutanarane kallar sjølve landet sitt for Druk Yul - toredrakens land. Draken har vore brukt som symbol for landet heilt sidan ca. 1200. Draken har juvelar i klørne som eit uttrykk for rikdom og fullkome.

Historie endre

Ein tidleg, kvadratisk versjon av flagget vart brukt i 1949, ved ein seremoni knytt til underteikninga av avtalen mellom India og Bhutan. Fargane var til dels dei same som i dag, men draken var grøn. Ein ny versjon vart tatt i bruk i 1956: kvit drake, og raudbrun og skarp gul farge.

Det er uvisst når dagens versjon vart innført, men styresmaktene i landet seier at den dåverande kongen Jigme Dorji Wangchuk fastsette dagens fargar i 1968 eller 1969. Skikken med å heise flagget framfor offentlege bygg vart innført av kongen i 1968, og eit flaggreglement vart vedteke av nasjonalforsamlinga i 1972.

Bakgrunnsstoff endre