Det estiske flagget

Det estiske flagget eller Den estiske trikoloren inneheld tre like horisontale striper med fargane svart, blå og kvit. Storleiksforholdet i flagget er 7:11.

Det estiske flagget innhelder tre like horisontale striper med blå, svart og kvit.
Det estiske orlogsflagget

Fargane endre

Forklaringa av fargane på flagget har variert gjennom tidene. Ei av dei mest utbreidde tolkingane ser i den blå fargen himmelen og folket si tru på ei lysare framtid, samtidig som blått også står for einskap og venskap. Svart vert då tolka som eit symbol på den vanskelege historia det estiske folket har gjennomlevd, samtidig som fargen også representerer jorda og den svarte fargen i folkedraktene. Kvit uttrykkjer håp, ærlegdom og søking etter åndeleg opplysing.

Opphavet til flagget endre

Flagget vart til i 1881 og vart fyrst brukt som flagget til den estiske studentforeininga Vironia ved Universitetet i Tartu. Flagget vart fyrste gong brukt 29. september 1881, då Vironia vedtok fargane som sine. Etter påtrykk frå tyske studentforeiningar vart både Vironia og flagget nekta anerkjenning. Flagget vart deretter overteke av den estiske universitetsstudentforeininga og teke i bruk som deira flagg i Otepää 4. juli 1884. Denne datoen vert også rekna som fødselsdagen til det estiske nasjonalflagget. Flagget vart etter kvart assosiert med estisk nasjonalisme og vart nytta av estarar i sjølve Estland, men også i Russland og i utvandrarmiljø i USA.

Nasjonalflagg for det sjølvstendige Estland 1918–1940 endre

Etter at Estland vart sjølvstendig 24. februar 1918, vart flagget offisielt gjort til nasjonalflagg. Vedtaket kom 21. november 1918, og 12. desember 1918 vart flagget for fyrste gong offisielt heisa som Estland sitt nasjonalflagg over tårnet Pikk Hermann i Tallinn. Flagget vart seinare regulert i flagglova av 21. juni 1922. I tillegg til å fastsetje storleiksforholdet i nasjonalflagget til 7:11, vart det då også gjort vedtak om presidentflagget. Dette fekk riksvåpenet i midten. Flagglova gav vidare høve til å danne andre flagg ved tillegg av emblem i nasjonalflagget. Dette vart gjort for postflagget, tollflagget og flagget til grensevaktene.

Krig og okkupasjon, 1940–1990 endre

 
Flagget til Den estiske sosialistiske sovjetrepublikken.

Etter den sovjetiske invasjonen i juni 1940 vart flagget forbode. Under den tyske okkupasjonen under den andre verdskrigen (1941–1944) vart flagget akseptert som det etniske flagget til estarane, men ikkje som nasjonalflagg. Då tyskarane forlét landet i september 1944 vart flagget igjen brukt i ein kort peride før det igjen forsvann som følgje av Sovjetunionen sin okkupasjonen av Estland og innlemminga av landet i unionen som sovjetrepublikk. Den estiske sovjetrepublikken fekk sitt eige flagg etter sovjetisk mønster: Raudt med kommuniststjerna, hammar og sigd i kantonen. Som særleg merke for den estiske sovjetrepublikken fekk flagget eit maritimt mønster i blått og kvitt i den nedre delen av flaggduken.

Nytt sjølvstende endre

 
Det estiske presidentflagget.

Den estiske trikoloren i blått, svart og hvitt vart ikkje nytta att før på slutten av 1980-talet, då den syngande revolusjonen i dei tre baltiske landa innvarsla samanbrotet til Sovjetunionen og nytt sjølvstende for dei tre landa. Under den syngande revolusjonen vart flagga til dei tre landa henta fram att og nytta under demonstrasjonar for demokrati og sjølvstende. Eit anna døme på denne forma for symbolsk bruk av flagget i politisk samanheng på denne tiden, er dei fire skuleborna som på 71-årsdagen til den estiske republikken, 24. februar 1989, heisa Estland sitt flagg over tårnet Pikk Hermann i Tallinn. Denne symbolske gjenopprettinga av symbola til den fyrste republikken fekk rettsleg oppfølging 8. mai 1990, då det estiske øvste sovjet vedtok å avskaffe namnet riksvåpenet og flagget til sovjetrepublikken Estland, for i staden å gjeninnføre lovene om namn, våpen og flagg frå den estiske grunnlova av 1938. Prosessen vart fullført med vedtaking av lova om nasjonalflagget og riksvåpenet av 7. august 1990, kort tid før Estland fekk fullt sjølvstende. I praksis har dette medført at Estland har gjeninnført så godt som heile flaggsystemet frå sjølvstendeperioden i mellomkrigstida.

Andre flagg endre

 
Den estiske orlogsgjøsen

I tillegg til nasjonalflagget, som også gjer teneste som handelsflagg, fører Estland ei rekkje andre flagg. Orlogsflagget har splitt og tunge og riksvåpenet i lita utgåve (berre våpenskjoldet) i midten. Orlogsgjøsen har kvit duk med ein blå kross over ein svart andreaskross. Presidentflagget brukar det store riksvåpenet til landet (med eikegreiner omkring skjoldet), til sjøs også med splitt og tunge. Postflagget har eit gult posthorn i den svarte stripa. Tollflagget har eit raudt felt i kantonen, der det står ein svart merkurstav og bokstaven T i kvitt. Flagget til grensestyrkane har ein gulkanta grøn trekant med bokstavane «PV» (for Piirivalve) basert på stangsida til flagget.

Bakgrunnsstoff endre

Nettstader endre

Litteratur endre

  • Eesti lipp, Eesti Vabariigi Riigikantslei, 1990