Det estiske opprøret i 1343

Det estiske opprøret i 1343 (dansk Folkeopstanden Sankt Jørgens Nat, estisk Jüriöö ülestõus) starta natta mellom den 22. og jørgensdagen 23. april 1343. Då braut det ut eit velorganisert bondeopprør i den nordvestlege delen av Harrien, eit landskap i den vestlege delen av det danske hertugdømet i Estland.

Kart over områda til den tyske ordenen i 1410. Estland i nord er markert med raude prikkar der opprøret fann stad.

Da opprøret byrja vart herrar, fruer og andre overklassefolk i området myrda. Herregardane vart plyndra og sette i brann. Sjølv kyrkjer og kloster vart råka. Blant den opprørske skaren vart 4 kongar utnemnde, og horden drog til byen Reval (no Tallinn), som enkelte vasallar og geistlege var flykta til. Samtidig sende opprørs-skaren bod til dei svenske fogdane i Åbo og Viborg med løfte om underdanigheit samt overdraging av Reval by, om dei ville hjelpe bøndene i kampen mot dei tyske og danske vasallane (herrane).

Bondehæren omlægra Reval by, men Den tyske ordenen var i mellomtida tilkalla. Med ein hær nedkjempa ordenen opprørarane framfor Reval sine portar.

Samtidig hadde opprøret spreidd seg til landskapa Wiek og Ösel, ei øy vest for Wiek. Eit møte mellom dei opprørske kongane og den tyske ordensmeister var kome i stand i Wittestein, men berre med det resultat at bondekongane vart drepne. Ordensmeisteren drog deretter ut med sin hær og nedkjempa estarane, liksom ordenen også nedkjempa dei russarar som til liks med svenskar og finnar hadde vorte tilkalla av dei estiske bøndene.

Fogdane frå Åbo og Viborg kom til Reval, men fekk da vite at bondeopprøret hadde vorte nedslege. Fogdane fór heim att etter å ha inngått ein fredsavtale mellom Reval og Sverige.

Enno etter at opprøret var slege ned var det framleis mindre oppreistar, mellom anna på Ösel, men stort sett vart opprøret raskt nedkjempa, og Den tyske ordenen sat som herrar på 2 av Estlands 3 største borger (Reval og Wesenberg). Borgene hadde vorte overdregne til ordenen av eit fleirtal av vasallar, til sikring av freden, inntil den danske kongen ønskte borgene tilbakeleverte. Den tredje store borga, Narva, vart overgitt til Den tyske ordenen i 1345, også etter avtale med vasallane.

Kjelder endre

  • R.W.Bauer: Bauer,R. W. (1977): Calender for Aarene fra 601 til 2200 efter Christi fødsel.
  • Oliva: "Cronicon vetus ex Oliva" i Scripotores Rerum Prussicarum I, Leipzig 1861.
  • Rüssow: "Balthasar Russows Chronica der Provintz Lyfflandt" i Liivimaa Noorem Riimkroonika, Tartu 1959.
  • Renner: "Johannes Renners Liflendische Historien" i Liivimaa Noorem Riimkroonika, Tartu 1959.
  • Johansen: Paul Johansen, "Die Estlandliste des Liber Census Daniae" København & Reval, 1933.
  • Skyum-Nielsen, Fruer og ...: Niels Skyum-Nielsen "Fruer og vildmænd. Danmarkshistorie uden retouche, IV tiden 1250-1400" København 1981-82.
  • Skyum-Nielsen, Estonia: Niels Skyum-Nielsen "Estonia under Danish Rule 1238-1346" trykt i Danish Medieval History - New Currents, København 1982.