Det europeiske friidrettsforbundet

Det europeiske friidrettsforbundet eller EAA (frå engelsk: European Athletic Association) er den øvste styrande organisasjonen for europeisk friidrett. Forbundet har 50 nasjonale medlemsforbund, blant dei er Norges Friidrettsforbund. EAA er i sin tur medlemsorganisasjon i Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF). Hovudkontoret til EAA ligg i Lausanne og noverande president er Dobromir Karamarinov, som tok over etter avdøde Svein Arne Hansen.

Det europeiske friidrettsforbundet

Skipa1. november 1969
HovudkontorLausanne
LeiarDobromir Karamarinov
VerkeområdeEuropa
Medlemmer51
Nettstadhttps://european-athletics.com/ Sjå dette på Wikidata

Historie endre

Under eit møte i IAAF i 1932 vart det sett ned ein eigen komité som skulle evaluera organiseringa av Europameisterskapa. 24. september 1933 under eit styremøte i IAAF Council vart Den europeiske komitéen skipa med Szilard Stankovits som president. Det fyrste møtet i Den europeiske komitéen vart halde i Budapest 7. januar 1934. Komitémedlemmane vart valde frå medlemane i IAAF fram til 1966. Samtidig blei komitéoppgåvene utvida til å gjelda fleire meisterskap.

1. november 1969 blei Forbundet av europeiske medlemmer av IAAF konstituert. Forbundsstatuttane blei godkjende av den fyrste EAA-kongressen i Paris 7. november 1970. Sidan den gongen har forbundet vore kjend som European Athletic Association.

Presidentar endre

Meisterskap endre

EAA arrangerer både meisterskap og cupar i friidrett. Her er ei oversikt over meisterskapa til EAA:

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Det europeiske friidrettsforbundet