Det finske flagget

nasjonalflagg og statsflagg

Det finske flagget er rektangulært med blå kross på kvit botn. Statsflagget har det finske riksvåpenet lagt til i midten av krossen. Orlogsflagget har tre splittar. Flagget byggjer på eit framlegg frå Zacharias Topelius; den kvite botnen skal symbolisere vinteren, og den blå krossen dei tusen sjøane. Flagget er fyrst kjent brukt av seglforeininga i Nyland (1861) og vart offisielt godteke som finsk nasjonalflagg 1918.

Nasjonal- og sivilflagg
Statsflagg

Landskapet Åland har sidan 1954 eige flagg med ein gullkanta raud kross på blå botn.

Sjå òg endre

Kjelde endre

«Finland – flagg og våpen» i Store norske leksikon, snl.no.