Det fonologiske hierarkiet

Det fonologiske hierarkiet. Dei fem einingane i lista nedanfor utgjer eit fonologisk hierarki. Når eining X står rett over eining Y, tyder det at X er bygt opp av éi eller fleire einingar av type Y. Eit ytring er bygt opp av eitt eller fleire fonologiske ord, eit fonologisk ord er bygt opp av éi eller fleire stavingar, ei staving er bygt opp av eitt eller fleire segment, og så bortetter. Lista under er ikkje uttømande.

Ytring endre

Ei ytring er ei fullstendig språkleg eining i talespråket. Ho er typisk avgrensa av togn eller stille før og etter. Døme er alt frå Hei! og Ja! til No må du sjå å kome deg opp!, Kva heiter hovudstaden i Butan? og Dette er den beste grauten eg har ete på lenge.

Fonologisk ord endre

Eit fonologisk ord er ei språkleg eining som kan utgjere ei ytring aleine, og som ikkje kan delast opp i fleire einingar som kvar kan utgjere ei ytring aleine. Døme er ikkje berre slikt som hest, ku, hestane, kyrkjebryllaup og dumskap, men også slikt som slo'n (for slo han) eller slo'n'a (for slo han ho), der vi i dei siste to døma er fonologiske ord som inneheld klitikon. I ein fonemisk transkripsjon kan dei same orda skrivast til dømes som /¹hest/, /¹kʉː/, /²hestane/, /²çyrçeˌbrylæʉp/, /ˈdumˌskaːp/, /¹ʃɭuːn/ og /¹ʃɭuːna/, på grunnlag av mellom anna søraustlandsk uttale.

Staving endre

Eit fonologisk ord er bygt opp av éi eller fleire stavingar, delar av talen som kan seiast på eitt slag. Til dømes er ordet ball /¹bal/ bygt opp av éi staving, medan kyrkje /²çyrçe/ er sett saman av to og ballane /²balane/ og kyrkjene /²çyrçene/ av tre, og der vokalane utgjer kjernane i stavingane.

Segment endre

Eit segment er ein einskildlyd, dei einskilde vokalane og konsonantane. Bokstavane i alfabetisk skrift svarar i hovudsak til segment i talen. Døme er dei fem konsonantane og dei to vokalane i ordet skrifta /¹skrifta/.

Trekk endre

Segmenta kan beskrivast ved hjelp av trekk, som er dei eigenskapane som karakteriserer segmenta. Segmenta [p] og [b] skil seg frå kvarandre ved at [p] har trekket ustemd og [b] trekket stemd. Segmenta [p] og [k] skil seg frå kvarandre ved at [p] er bilabial og [k] velar. Segmenta [p] og [ɸ] skil seg frå kvarandre ved at [p] har trekket plosiv og ɸ trekket frikativ. Segmenta [p] og [pː] skil seg frå kvarandre ved at [p] er kort og [pː] trekket lang. Ulike fonologiske teoriar har ulike oppfatningar om kva for trekk som trengst i fonologien, og mange nyttar ikkje dei trekka som er nytta i dette avsnittet.

Eit meir detaljert hierarki endre

  1. Ytring
  2. Intonasjonsfrase (I-frase)
  3. Fonologisk frase (P-frase)
  4. Prosodisk listeeining (LU)
  5. Klitisk gruppe
  6. Fonologisk ord (P-ord, ω)
  7. Fot (F)
  8. Staving (σ)
  9. Mora
  10. Segment
  11. Trekk